Retningslinjer og mandat for programstyra ved IF
Main content
Vedtekne av instituttrådet 20. september 2023.
Retningslinene utfyller «Rammer for sammensetning og mandat for programstyrer ved HF», vedtekne av studiestyret ved fakultetet 9. mars 2017. Retningslinene nedanfor er oppdaterte administrativt 8.12.2022, og deretter justerte av instituttrådet 20. september 2023 og 18. oktober 2023. Redaksjonelle justeringar er gjort 26.2.2024.
Ìý
1. Mandat og oppgåver
Kvart fag ved Institutt for framandsprÃ¥k har sitt eige programstyre (arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk sprÃ¥k og latinamerikastudium, tysk).Ìý I tillegg til desse fag-programstyra har lektroprogrammet for framandsprÃ¥k (²Ñ´¡±á¹ó-³¢Ã†¹ó¸é) eit eige programstyre.
Programstyra har følgjande oppgåver:
- vedta og endra studie- og emneplanar på faget
- utvikla og revidera undervisningstilbodet på faget
- koma med framlegg om ekstern fagfelle (programsensor) for faget, og følgja opp rapportane frå den eksterne fagfellen
- sjå til at undervisninga ved faget vert evaluert og kvalitetssikra i tråd med gjeldande retningsliner ved UiB
- ta initiativ til utvekslingsavtalar og leggja til rette for studentmobilitet på faget
- syta for god informasjonsflyt til fagmiljø, institutt og studentar
- sikra eit godt læringsmiljø for studentane
- følgja opp andre studiesaker på faget
Endringar i emneplanar som inngår i lektorprogrammet, skal leggjast fram til drøfting i programstyret for lektorprogrammet, men det er det aktuelle fag-programstyret som gjer vedtak om endringar av emneplanar.
Programstyret for lektorprogrammet i framandspråk følgjer opp evaluering og kvalitetssikring av og vedtek studieplanen for lektorprogrammet og emneplanar for tverrfaglege tilbod som er tilbodne som ein del av lektorprogrammet.
Programstyret for faget vedtek altsÃ¥ studieplanane pÃ¥ sitt fag og alle emneplanane som høyrer til faget (men ikkje tverrfaglege emne). Programstyret for lektorprogrammet vedtek studieplanen for lektorprogrogrammet og emneplanar for tverrfaglege emne som er ein del av lektorprogrammet. UUI vedtek emneplanar for alle andre tverrfarglege emne ved instituttet.Ìý
Ìý
2. Representasjon
Programstyret på eit fag består av alle fast tilsette i minst femti prosent stilling, og av studentrepresentantar. Studentrepresentantane vert utpeikte av instituttleiar, eventuelt kan denne oppgåva delegerast til fagkoordinator, og for eitt år om gongen, og studentane skal utgjera minst 20 prosent av styret.
Alle mellombels tilsette på faget (timelærarar, stipendiatar, sendelektorar, etc.) har møterett, men ikkje røysterett. Det same gjeld for fast tilsette i lågare stillingsprosent enn femti.
Programstyra for dei ulike faga ved instituttet er dermed sett saman slik (per hausten 2024):
- Arabisk: 2Ìýfast vitskapleg tilsette og 1 student
- Engelsk: 16Ìýfast vitskapleg tilsette og 4 studentar
- Fransk: 4Ìýfast vitskapleg tilsetteÌýog 1Ìýstudent
- Italiensk: 2Ìýfast vitskapleg tilsette og 1 student
- Japansk: 3Ìýfast vitskapleg tilstteÌýog 1 student
- Kinesisk: 4ÌýfastÌývitskapleg tilsetteÌýog 1 student
- Russisk:Ìý3Ìýfast vitskapleg tilsette og 1Ìýstudent
- Spansk sprÃ¥k og latinamerikastudium: 7 fast vitskapleg tilsette og 2Ìýstudentar
- Tysk:Ìý4 fast vitskapleg tilsette og 1 student
- Programstyret for lektorutdanninga: 9Ìýfast vitskapleg tilsette (dvs. 7 fast tilsette fagdidaktikarane pÃ¥ engelsk, fransk, spansk og tysk plus 1 representant frÃ¥ disiplinfaget engelsk og 1 representant frÃ¥ dei andre disiplinfaga). InstituttleiarÌýpeikar utÌýdei vitskapleg tilsette medlemane.ÌýI tillegg har programstyret 3 studentrepreentantar.
Ìý
3. Saksbehandling og møtepraksis
Møta i programstyra er opne.
Fagkoordinator er leiar for programstyret og kallar inn til og leier møta. Studiekonsulent på faget er sekretær (utan røysterett) og skriv referat. På programstyret for lektorutdanninga er studieleiar sekretær, og instituttleiar peikar ut leiar av dette programstyret.
Innkallingane skal sendast ut minst tre dagar før møtet. Sakspapir kan ettersendast eller leggjast fram i møtet om nødvendig. Rutinane for saksbehandling, møteleiing, referat m.m. følgjer dei normalreglane som universitetstyret har fastsett.
Møtet er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemane er til stades og røystar. Ved likt stemmetal, avgjer leiaren av programstyret med dobbeltrøyst.
Ìý
Ìý