God og glad formidlar
Det humanistiske fakultetet sin formidlingspris for 2011 er tildelt professor Bente Gullveig Alver ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

Main content
Det byrja med ein draum om 氓 bli skodespelar. Som ung drog ho til K酶benhavn for 氓 studere litteratur, men det var teateret som var m氓let. Ho rakk s氓 langt som til pr酶vescenen ved Det Kongelige Teater i den danske hovudstaden. D氓 er det kanskje ikkje rart at Bente Gullveig Alver fleire 氓r seinare blir skildra som ein av dei beste formidlarane ved UiB.
I 38 氓r har folkloristen og kulturvitaren hatt teneste ved Universitetet i Bergen, f酶rst som universitetslektor, sidan som f酶rsteamanuensis og fr氓 1988 som professor. I heile denne tida har ho i tillegg til 氓 forske og undervise vore ein sv忙rt aktiv forskingsformidlar. Gjennom foredrag og f酶relesingar, radio- og fjernsynsprogram og som konsulent for ei rekkje kultur- og samfunnsakt酶rar har Bente Alver delt forskinga si om folkelege forestillingar og tenkem氓tar med verda utanfor universitetet. Ho har gitt ut b酶ker om heksetru, magi, folkemedisin og kloke folk. No har ho f氓tt den f酶rste formidlingsprisen ved Det humanistiske fakultetet. I nominasjonsbrevet skriv forslagsstillarane at ho har 鈥en enest氓ende evne til 氓 formidle kompliserte forskningsresultater p氓 en klar og forst氓elig m氓te鈥.
Sj酶lv meiner Alver at ho har hatt mykje drahjelp i dette arbeidet gjennom det som ligg i sj酶lve faget og den m氓ten forskinga skjer p氓.
- I kulturvitskapen arbeider vi med kvardagskultur. Folk kjenner seg godt igjen i dei problemstillingane vi tar opp og er opptatt av dei. Det gir ein fin kommunikasjon mellom oss som forskarar og publikum rundt oss, seier Bente Alver. Ho trur at kulturvitskapen kan vere lettare 氓 formidle enn mange andre tradisjonelle universitetsfag.
- Det vi tenker, dirigerer jo handlingane v氓re, og n氓r vi pr酶ver 氓 forst氓 korleis folk tenker, kan vi kanskje betre forst氓 kvifor dei handlar som dei gjer. Denne prosessen er noko folk kan relatere til seg sj酶lve, og det gjer formidlinga av faget til ei takknemlig oppg氓ve.
Bente Alver har gjennom heile sin akademiske karriere sett pris p氓 kontakt med publikum utanfor forskingsverda, og gler seg til 氓 f氓 meir tid til dette n氓r ho g氓r av til hausten.
- Det er noko utfordrande med eit breiare publikum, du veit ikkje kva du m酶ter, du f氓r eit meir nyansert reaksjonsm酶nster og kanskje heilt nye sp酶rsm氓l. Folk har alltid vore interesserte i dei fagomr氓da der eg har hatt arbeidet, og i dag er det som vi veit stor interesse for den folkelege religi酶siteten og den folkelege forestillingsverda, som er mellom mine studiefelt. No f氓r eg betre tid og kan seie ja til fleire foresp酶rsler 鈥 men ballkortet mitt for hausten er allereie fullt, ler Alver. Men ho understrekar 貌g at ho kjem til 氓 sakne den daglege kontakten med fagmilj酶et sitt og med studentane og stipendiatane.
- Eg veit ikkje heilt korleis eg skal unnvere undervisninga, seier ho ettertenksamt.
Det er langt fr氓 noko fredeleg pensjonisttilvere som ventar henne. I tillegg til foredragsverksemd har ho to store skriveprosjekt p氓 gong.
- Saman med kulturvitaren Tove Fjell og historikaren Teemu Ryymin arbeider eg med ei bok innan helsefeltet. Vi tar utgangspunkt i historiske og kulturelle perspektiv, og dette prosjektet spring ut av eit undervisningssamarbeid vi har hatt i fleire 氓r. Det tverrfaglege samarbeidet i undervisning og forsking vil ofte f氓 fram kompleksiteten i eit sakstilh酶ve p氓 ein god m氓te. Og s氓 er arbeidet p氓 tvers av faggrensene s氓 morosamt! Litt n忙rsynt m氓 eg f氓 lov 氓 meine at kulturvitskapen gir ei god plattform for tverrfagleg samarbeid, og faget st氓r her i ein lang tradisjon. Dei overordna sp酶rsm氓la vi arbeider med, har relevans innan mange ulike fagfelt, og det gjer det 貌g lettare 氓 samarbeide p氓 tvers av fag.
Det andre store prosjektet ho skal i gong med er ei medisinhistorie om den uoffisielle medisinen. Sunnhetslova som kom i 1860 har blitt skildra som helsetenesta si grunnlov. Men i Norden har det ikkje blitt skrive ei samla framstilling av alle dei tilboda som l氓g p氓 sida av det offentlege helsestellet. Det skal kulturvitaren gi seg i kast med.
Ho er glad og stolt over 氓 ha f氓tt fakultetets formidlingspris. Men Bente Alver meiner det er mange ved HF som hadde fortent det same.
- Vi har s氓 mange dyktige formidlarar ved dette fakultetet, folk som verkeleg brenn for faget sitt og viser stor entusiasme. Har ein tru p氓 det ein gjer og synest bodskapen er viktig, d氓 er det eit godt r氓materiale til det 氓 bli ein god og glad formidlar, meiner Bente Alver.
听