´óÏó´«Ã½

Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
MAGNUS LAGABØTE:

Fredskongen som forvandla landet

Magnus Lagabøte var middelalderkongen som aldri deltok i krig, men han valde å forsvare dei svakaste av undersåttane sine. For 750 år sidan innførte han den viktige Landslova som endra heile det norske samfunnet.

Steinhovud av Magnus Lagabøte
LOVGIVAREN: Magnus Lagabøte vart krona til konge i september 1261 saman med dronninga si Ingeborg, den danske kongsdottera som han hadde gifta seg med berre få dagar tidlegare. Originalen til dette steinhovudet finn ein i Stavanger domkirke.
Photo:
Solfrid T. Langeland

Main content

Magnus Lagabøte vart fødd i mai 1238. Faren var kong Håkon Håkonsson og mora dronning Margrete Skulesdotter. Magnus var yngst av tre søsken.

– Sidan Magnus hadde ein eldre bror, Håkon Unge, og sidan det på 1200-talet var etablert at landet berre skulle ha ein regjerande konge, var det nok aldri planen at Magnus skulle bli konge, fortel Alf Tore Hommedal, professor ved Universitetsmuseet i Bergen.

Skulle ikkje bli konge

– Det var den eldre broren som skulle overta trona etter faren HÃ¥kon HÃ¥konsson. Men no gjekk det slik at denne broren, som alt hadde fÃ¥tt kongsnamn og slik var som ein «kronprins» Ã¥ rekne, døydde i 1257, seier Hommedal.Ìý

Alt ein god mÃ¥nad etterpÃ¥ fekk Magnus kongsnamn, trass i at der fanst andre alternativ. Ìý

–ÌýEtter vÃ¥r Grunnlov i dag ville det ha vore son til HÃ¥kon Unge, guten og «prinsen» junker Sverre, som stod nærast til Ã¥ overta trona etter bestefaren. Men for HÃ¥kon HÃ¥konsson har det nok vore viktig Ã¥ sikra at landet straks fekk ein vaksen og styredyktig konge om han sjølv skulle falle frÃ¥. Han var i 1257 trass alt ein for si tid godt vaksen mann pÃ¥ 53 Ã¥r. Det synte seg Ã¥ vera eit rett val, sidan junker Sverre døydde alt før bestefaren fall frÃ¥ i 1263.

Klok og religiøs

Magnus vaks for det meste opp i Bergen, i kongsgarden på Holmen, fornemt tilbaketrekt frå byens pulserande liv.

–ÌýMagnus fekk ein forkjærleik for fransiskanarbrørne si livshaldning, og han fann stor interesse i undervisinga deira i teologi. Det er den engelsk-skotske Lanerkost-krønika frÃ¥ tidleg 1300-tal som fortel dette, fortel Hommedal.

Ìý–ÌýKor tid Magnus fekk denne interessa si for fransiskanarane og klosteret deira ved dagens Bergen domkirke, det veit me strengt teke ikkje. Men dersom det var før Magnus vart konge, noko det truleg var, dÃ¥ mÃ¥ det ha skjedd i samrÃ¥d med faren HÃ¥kon HÃ¥konsson, seier Hommedal.Ìý

–ÌýDermed var det nok den unge mannen Magnus, i Ã¥ra før han fekk kongsnamn, og/eller den meir mogne Kongen, som synte slik interesse for fransiskanarane i Bergen si teologiundervisning, pÃ¥peiker han.

Støtta dei svakeÌýÌý

Det var den italienske helgenen Frans av Assisi (1182 – 1226) som grunnla fransiskanarordenen, som i vÃ¥r tid gjerne ber namn etter ordensgrunnleggjaren. Frans ville at ordensbrørne gjennom frivillig fattigdom skulle hjelpe menneske i ufrivillig fattigdom. Omsorga for dei spedalske – dei delvis utstøytte i samfunnet –Ìý stod sentralt i Frans sin tanke og gjerning. Avgjerande for Frans av Assisi si omvending og medmenneskelege haldning var det, i følgje legenda, at han makta Ã¥ kysse ein spedalsk.

– Fransiskanaranes grunnhaldning om Kristi nærvær gjennom medmenneskeleg omsorg for fattige, sjuke og for alt Guds skaparverk, dei haldningane har venteleg vore til stor inspirasjon for Magnus, seier Hommedal. Fransiskanarane var altså ordensbrør som med base i klosteret skulle gjere tenesta si ute mellom folk. Dei var mellomalderens «Frelsesarmé» og «Bymisjon». Fransiskanarane var ikkje munkar, som skulle leve innafor dei lukka klostermurane.

–ÌýMe veit ogsÃ¥ at tilknytinga kong Magnus hadde til fransiskanarane varte livet ut og var sÃ¥ sterk at Kongen valde Ã¥ bli gravlagt hjÃ¥ fransiskanarane. Det er difor dagens Bergen domkirke, som i mellomalderen var fransiskanarane si kyrkje, ogsÃ¥ er kong Magnus Lagabøte si gravkyrkje. Denne kyrkjebygningen i Bergen er nok det norske monumentet som i vÃ¥r tid klarast symboliserer verdivala Magnus Lagabøte gjorde i lovarbeidet sitt, understrekar Hommedal.Ìý Ìý

Skjebneåret 1257

Magnus var 19 år då storebroren Håkon Unge døydde og Magnus fekk kongsnamn.

–Ìý1257 vart eit skjebneÃ¥r for den unge mannen. Først døydde broren, sÃ¥ reiste søstera Kristin pÃ¥ brudeferd til dagens Spania. Av dei tre borna til HÃ¥kon HÃ¥konsson og Margrete Skulesdotter var der brÃ¥tt berre Magnus Ã¥ byggje vidare pÃ¥ her heime. Sjølv om Magnus neppe var heilt mentalt budd pÃ¥ Ã¥ bli konge, har tanken likevel truleg heller ikkje vore totalt framand for han. For i mellomalderen var døden nærare livet enn han ofte er det i dag. At ogsÃ¥ unge familiemedlemmer kunne døy var dei erfaringsmessig smerteleg klare over. Men Ã¥ret 1257 mÃ¥ ha ført med seg ein kolossal overgang for 19-Ã¥ringen bÃ¥de som person og som kongsemne. No var det brÃ¥tt Magnus som var «kronprinsen», seier Hommedal.

Magnus vart krona til konge i september 1261 saman med dronninga si Ingeborg, den danske kongsdottera som han hadde gifta seg med berre få dagar tidlegare.

Var aldri i krig

Magnus styrte Noreg som regjerande konge i mindre enn 20 Ã¥r. Likevel har fÃ¥ av dei norske regentane sett eit sÃ¥ tydeleg stempel pÃ¥ det norske samfunnet bÃ¥de i samtid og ettertid som det denne mannen gjorde Dette ser me ikkje minst gjennom lovarbeidet hans, slik mellom anna rettshistorikaren Jørn Øyrehagen Sunde si nyare forsking og formidling syner oss.Ìý

–ÌýMagnus var noko sÃ¥ uvanleg som ein middelalderkonge som aldri var i krig. Han sÃ¥g folk, bÃ¥de fattige, sjuke og kvinner. Haldningane hans representerte eit meir medmenneskeleg menneskesyn, eit syn som mellom anna gjennom fransiskansk tankegang var ein del av middelalderens ideologiar, summerer Hommedal opp.

Magnus Lagabøtes Landslov 750 Ã¥r Ìý

Mellom 1274 og 1276 samla kong Magnus Lagabøte heile Noreg under ei felles lov for landet. Det er omdiskutert om lova i 1274 først vart vedteken på Gulatinget her vestpå eller på Frostatinget i Trøndelag. Mest sannsynleg er det at lova i 1274 vart vedteken på Gulatinget og i åra deretter på Frostatinget (1275) og Borgartinget og Eidsivatinget (1276). Dermed var lova landsdekkjande og vart gjeldande lov i over 400 år.

I dag er Magnus Lagabøtes Landslov framleis eit av dei viktige historiske dokumenta våre og ei lov som har prega Noreg i 750 år. Den 22. mai opna på Bryggens Museum i Bergen utstillinga Magnus Lagabøtes Landslov 750 år.

–ÌýDer kan du no mellom anna via kulturhistoriske gjenstandar, og diplom og andre skriftlege kjelder, fÃ¥ eit innblikk i korleis Landslova har pÃ¥verka samfunnet i hundreÃ¥ra mellom 1274 og 2024, avsluttar Alf Tore Hommedal.

Sjekk meir her:

I september skal forskarar frå ulike europeiske land setje lova under lupa, nettopp her i Bergen, på ein firedagars, tverrfagleg konferanse, i regi av Universitetet i Bergen.

Ìý