Magnus Lagabøtes landslov 750 år
I 2024 skal 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov feirast som nasjonalt jubileum.

Main content
Landslova som blei ferdigstilt i Bergen i 1274, var den tredje riksdekkande lovboka i Europa og eit viktig verk i både norsk og europeisk rettshistorie.
Dei siste åra er det sett i gong fleire forskingsprosjekt både i Oslo og Bergen. Lovteksten har komme i nye utgåver både fysisk og elektronisk.
I Bergen og på Vestlandet skal jubileet setje mellomalder og rettshistorie i fokus og synleggjere arbeidet, engasjementet og forskinga som blir gjort ved ulike miljø.
Jubileet blir koordinert av Vestland fylkeskommune og omfattar blant anna ei utstilling ved Bymuseet i Bergen og ein konferanse arrangert ved Universitetet i Bergen. Â
Om jubileet
På nasjonalt nivå har Nasjonalbiblioteket fått eit samordningsansvar frå Kulturdepartementet.
Regionalt vedtok Vestland Fylkeskommune hausten 2021 Ã¥ skipe eit jubileum med fokus pÃ¥ lovskapingsprosessen frÃ¥ Kristenretten til Landslova og med aktualisering til notida. Fylkeskommunen skal invitere inn partnarar og setje ned ein jubileumskomité. Â
Jubileumsfeiringa på Vestlandet skal fyllast med fleire arrangement relatert til både kulturliv og forsking.
Universitetet i Bergen bidreg med forskingskompetanse inn mot jubileet, og arrangerer ein internasjonal og tverrfagleg konferanse hausten 2024. Rettshistorie og fokus pÃ¥ rettslege og kulturelle praksisar i Nord-Europa i mellomalderen er viktige tverrfaglege forskingsfelt ved universitetet, som vil bli løfta og aktualisert i konferansen. Bymuseet i Bergen har ansvar for ei utstilling pÃ¥ Bryggens Museum i 2024 i samband med Lagabøtejubileet. Universitetet bidreg ogsÃ¥ med forskingskompetanse inn mot utstillinga.Â
Internasjonal forskarkonferanse hausten 2024 Â
Universitetet i Bergen har ansvar for forskingskonferansen The Landslov of 1274 - Multiple Perspectives. Fagkomiteen blei nedsett januar 2022 og består av:
- Irene Baug, forskar i arkeologi, UiB (leiar av komiteen)
- Søren Koch, professor i rettsvitenskap, UiB
- Kirsi Salonen, professor i mellomalderhistorie, UIB
- Helen Leslie-Jacobsen, førsteamanuensis i mellomalderfilologi, UiB
- , arkeolog og forskar, NIKU
- Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør, Vestland fylkeskommune
- Eirik Hovden, forskar i Midtausten og islamske studiar, UiB
- Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis i arkeologi, UiB
Utstilling på Bryggens Museum 2024
Bymuseet i Bergen har ansvar for jubileumsutstillinga på Bryggens Museum. Utstillingskomiteen blei nedsett i august 2021 og består av:
- Espen Kutschera, formidlar, Bymuseet i Bergen (leiar av komiteen)
- Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør, Vestland fylkeskommune
- Alexandros Tsakos, fagleg leiar, Manuskript- og Librarsamlingen, UiB
- Stefan Drechsler, postdoktor i mellomalderfilologi, UiB
Rettshistorisk forsking
Forskinga ved UiB er organisert gjennom forskingsprosjekt og forskargrupper. Fleire av desse arbeider med rettshistorie og ulike aspekt ved Landslova. Også andre stader i landet blir det forska på rettshistoriske tema.
Forskingsprosjekt
Transformations of Medieval Law
Prosjektet undersøker dei seinare handskriftene og versjonane av landslova for å vinne innsikt i utviklinga av loven frå seinmellomalderen til tidleg moderne tid. Tidsramme: 2017-2022. Prosjektet er støtta av Trond Mohn Stiftelsen og Universitetet i Bergen og er leia av forskar Helen Leslie-Jacobsen.
Fokus for prosjektet er å gjere kjeldene til Magnus Lagabøtes landslov tilgjengelege, og å fremje forsking og forskingssamarbeid gjennom konferansar og seminar. Nettsida har fleire ressursar med lenker til tekstar og handskrifter. Fagleg leiar er Jørn Øyrehagen Sunde (Universitetet i Oslo). Prosjekteigar er Nasjonalbiblioteket
I dette prosjektet undersøker ei gruppe av forskarar korleis lovgjeving endra maktstrukturane i samfunnet og tilhøva for marginaliserte grupper. Tidsramme: 2021-2022. Gruppeleiar er Erik Opsahl (NTNU, Trondheim). Prosjektet held til ved CAS (Centre for Advanced Study/Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi).
Forskargrupper
- Forskergruppen for antikk, middelalder og tidlig moderne tid (Det humanistiske fakultet)
- Forskergruppen Lov og kultur i det førmoderne nord (Det humanistiske fakultet)
- Forskargruppe for rettskultur (Det juridiske fakultet)