Pris til nyrevidert Prismestudium
Eit totalrenovert Prismestudium har fått Det humanistiske fakultet sin pris for utdanningskvalitet i 2023 – takka vere solid laginnsats med mange involverte.

Main content
Prismestudiet er ein klassikar ved UiB, og har sidan 90-talet vore eit populært etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar som underviser i norsk som andrespråk.
Studiet fekk UiB sin pris for studiekvalitet i 2012, og no vankar det ein ny pris til folka bak Prisme, for arbeidet med Ã¥ løfte studiet til nye kvalitetshøgder.ÌýÌý
– Tidene endrar seg, og vi mÃ¥ endre oss med dei. No har vi gjort ei totalomlegging av studieopplegget, og har arbeidd saman med bÃ¥de forskarar, lærarar og andre i praksisfeltet for Ã¥ utvikle innhaldet i kurset, seier fagleg ansvarleg og professor i norsk som andresprÃ¥k,ÌýAnn-Kristin Helland Gujord.
Fleksibelt og tilgjengeleg studieopplegg
– Dei som tek studiet er gjerne folk som skal studere ved sidan av jobb, og det har vore viktig for oss å lage eit tilbod som er tilpassa målgruppa sine premiss, seier Gujord.
Studiet er meir fleksibelt enn tidlegare. Det er ikkje lenger obligatorisk Ã¥ møte éin gong i veka til fast tid i eit nettkollokvium. Alt undervisningsmateriell er tilgjengeleg heile tida,Ìýstudentane kan organisere sin eigen kvardagÌý– deiÌýkan studere nÃ¥r dei vil og kor dei vil.
– Vi harÌýomarbeidd og oppdatert studiet med tanke pÃ¥ ein digital kvardag, og det nettbaserte opplegget har fÃ¥tt ein heilt ny form. Lærarar er travle folk, og vi har laga ein pedagogisk og lett tilgjengeleg struktur som gjer at studentane heile tida skjønar kva dei skal gjere, fortel administrativ prosjektleiar, Mona Vervik Uthaug.
Det nye Prisme bestÃ¥r av modular inndelt i ulike tema, som byggjer pÃ¥ kvarandre. Alt foregÃ¥r pÃ¥ den digitale læringsplattformen Canvas, der studentane finn undervisingsvideoar, podkastar, ulike typer oppgÃ¥ver, og lenker til pensumlitteratur.Ìý
Sjølv om Prisme er eit heildigitalt kurs og studentane aldri møter på campus, er kontakten tett mellom student og faglærar.
– Fagansvarleg gir ein introduksjon til alle modulane, og via korte videosnuttar vert studentane losa gjennom heile kurset. Elles har vi fire digitale fagmøte per semester der vi gÃ¥r gjennom ulike tema og studentane kan fÃ¥ svar pÃ¥ spørsmÃ¥l dei mÃ¥tte ha.ÌýVi ønskjer ogsÃ¥ at studentane skal samarbeide, og legg til rette for at dei etablerer arbeidsgrupper.Ìý
Stor laginnsats ligg bak
I følgje Uthaug har dei allereie har fått mange gode tilbakemeldingar på det nydesigna kurset, studentane likar at det er så fleksibelt og variert.
– Det har vore ein stor jobb, og ikkje minst eit stort lagprosjekt. Omleggingsarbeidet har vore eit samarbeid mellom fleire aktørar, som alle har vore viktige. Særleg viktig har det vore at administrativ og fagleg side har jobba tett saman, seier Gujord.Ìý
–ÌýVi har samarbeida med forskarar og lærarar bÃ¥de ved UIB og andre institusjonar. Tilsette pÃ¥ Norskkursa og Revisjonsprosjektet har ogsÃ¥ laga innhald, og EVU-administrasjonen pÃ¥ instituttet, har gjort ein kjempejobb. Ikkje minst har dei digitale læringsmidla blitt utvikla pÃ¥ UiB læringslab i samarbeid med UiB Videre.Ìý
Gujord er nøgd med at opplegget er godt forankra i det viktige praksisfeltet. Studiet har fÃ¥tt ein tydeleg praksisrelevans, samstundes som relevansen av forskningsbasert arbeid er framheva.Ìý
– Det har blitt ein god kombinasjon mellom forsking og praksis, sydd saman til ein heilskap.
Eit viktig samfunnsoppdrag
Innvandrarar som kjem til Noreg møter strenge krav om at dei skal lære seg norsk, kome seg raskt ut i arbeid, og bli ein del av samfunnet. Det stiller ogsÃ¥ strenge krav til lærarane som skal undervise dei i norsk.Ìý
– Den nye integreringslova seier at lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk skal ha minimum 30 studiepoeng i norsk som andresprÃ¥k. DÃ¥ er det viktig at vi som fagmiljø stiller opp, og at ogsÃ¥ vi forbetrar kvaliteten pÃ¥ vÃ¥rt undervisningsopplegg, seier Gujord.Ìý
Med dei nye krava er det er stadig fleire lærarar som treng formell kompetanse i norsk som andrespråk, og det har vore stor pågang av søkarar til studiet. Med det nye studieopplegget håpar dei å gjere det enklare for studentane å gjennomføre kurset.
– Slik kan vi som universitetstilsette vere med å løyse ein av dei verkeleg store samfunnsutfordringane, å sørge for ei god norskopplæring som kan få folk som kjem til landet, inn i utdanning og arbeid.