Formidlingsprisen til ettertrakta historikar
Historieprofessor Yngve Flo mottek HFs formidlingspris for sitt omfattande formidlingsarbeid om norsk politikk.

Main content
Smak pÃ¥ ordet «regionreform». Litt tørt og kjedeleg?Â
– Nei, altsÃ¥, regionreforma er ei sak som engasjerer noko valdsamt, protesterer Yngve Flo. Â
– Berre tenk pÃ¥ kva kommunar og fylke betyr for folk – det handlar om identitet, demokratisyn, materielle og geografiske skilje, om kven som skal vere sentrum og kven som skal vere utkant, seier han.Â
Yngve Flo er professor i moderne politisk historie og ekspert på tilhøvet mellom statleg styring og lokalpolitikk. Han har vore aktiv som ekspertkommentator i både dagspresse, radio og TV sidan regionsreforma, og er ein ettertrakta bidragsytar i den politiske debatten om kommune- og fylkessamanslåinga.
For Ã¥ret 2021 mottek han Det humanistiske fakultet sin formidlingspris for sitt omfattande og vedvarande formidlingsarbeid om norsk politikk, og særleg for hans innsats under valkamphausten.Â
Koplar historia med det dagsaktuelleÂ
Den nyslÃ¥tte prisvinnaren har vore ein aktiv formidlar i heile si forskarkarriere, men i mange Ã¥r var formidlinga retta mot spesielle forsamlingar. Det er ikkje fÃ¥ gongar han har blitt invitert til kommunar og fylkeskommunar for Ã¥ fortelje om det han driv med. Â
– Dei som arbeider med politikk og forvalting i politiske institusjonar har alltid vore interesserte i forskinga mi. Det er jo dei eg forskar pÃ¥, seier han.Â
– Dei synes det er nyttig med blikket utanfrå. Det bidreg til ei forståing av eigen funksjon og eigen arbeidsplass. Eg kan noko om dei som dei sjølv ikkje kan, og kan gje perspektiv som er interessante for dei. Blant anna har eg forska på eineveldets barndom og fram til i dag, og kan fortelje fylkesmennene at «dette har de baksa med i alle år». Det set dei pris på å høyre.
For Flo er det viktig Ã¥ ha tett dialog med dei han forskar pÃ¥, men han synest ogsÃ¥ det er moro Ã¥ halde pÃ¥ med allmennretta formidling – sjølv om det var litt uvant i starten. Â
Blir tvinga til å finne essensen
– Det Ã¥ snakke i etermedia krev at ein har ei anna tilnærming til det ein formidlar. Ein mÃ¥ konsentrere bodskapen, prøve Ã¥ formidle stoffet pÃ¥ ein kortfatta mÃ¥te, og lande eit resonnement. Â
– Ã… begynne Ã¥ snakke er ein ting, det er noko heilt anna Ã¥ slutte, slÃ¥r han fast. Â
Formidling er pÃ¥ ein mÃ¥te ein tilleggsaktivitet til forsking og undervising, men Flo meiner det er viktig Ã¥ drive pÃ¥ med. Â
– Det er ei god øving, og noko av det fine er at det spelar tilbake pÃ¥ forskinga – ein blir jo tvinga til Ã¥ finne essensen. Det blir litt som i undervisinga, ein mÃ¥ prøve Ã¥ disiplinere seg og tenke over kva som er viktigast.Â
– Samstundes treng vi ikkje vere bombastiske, eller kome med eit svar. Vi forskarar kan hjelpe med å problematisere, å vise dilemma, og at ting kan ha fleire ulike svar.
Vi er avhengige av den frie samtalen
Som historikar med lokalpolitisk ekspertise sit Flo på ettertrakta kompetanse, og dess meir han er i media, dess oftare blir han kontakta av journalistar. Han prøver alltid å hjelpe dersom han meiner han kan bidra. Om han ikkje kan svare, peikar han vidare.
– På mange måtar handlar det om legitimitet til det vi driv med på universitetet. Vi er avhengige av at vi er viktige for andre der ute.
Flo hadde eigentleg tenkt Ã¥ bli journalist, og tok frilansoppdrag frÃ¥ han gjekk pÃ¥ ungdomsskulen. Han tok til og med eit Ã¥rs pause i studia for Ã¥ jobbe som journalist i lokalavisa heime. Kanskje det er difor han er særleg merksemd pÃ¥ media, det at han har vore pÃ¥ den andre sida?Â
– Vi er alle heilt avhengige av den frie samtalen som går føre seg i media. Universitetet og media bør hjelpe og støtte kvarandre, meiner han.
– Politikk og politiske institusjonar har interessert meg sidan ungdommen. Eg hadde ikkje evna å vere ein politisk aktør sjølv, eg er for tvisynt til det. Eg er meir ein observatør, ein som prøver å forstå. Slik var det som journalist, og slik er det også no som forskar. Vi begge prøver å forstå, og å gjengi stoffet på ein forståeleg måte.
Gir prispengane til StudentersamfunnetÂ
I formidlingsprisen sine statuttar heiter det at prispengane skal brukast til formidlingsverksemd i samsvar med prisvinnaren sine ønske. Flo ønskjer å bruke pengane på eit formål der dei kan yngle.
– Eg har skjøna det slik at studentorganisasjonane slit med rekrutteringa no etter pandemien. Eg tenkte eg skulle gje pengane til Studentersamfunnet, slik at dei kan bruke dei til å rekruttere nye, flinke, folk.
Flo meiner det er særs viktig å få opp diskusjonstemperaturen ute blant studentane. Det er noko UiB vil dra nytte av, men også ute i den breie offentlegheita.
– Eg gjekk mykje på Samfunnet sjølv som student, og meiner at den gode, faglege, debattarenaen er viktig. Eg ser på dette som eit flott formål for prispengane.
Den norske regjeringsmakta under lupa
Sjølv skal Flo i gang med eit nytt forskingsprosjekt som har fått midlar til å studere den norske regjeringsmakta, som del av ei forskargruppe med rettsvitarar, statsvitarar og sosiologar frå UiB, UiO og OsloMet.
– Det er veldig interessant å følgje dei politiske institusjonane over tid, korleis dei veks fram og utviklar seg. Det er som å studere ei levande organisme, seier han.
Prosjektet skal sjå på korleis regjeringa endrar seg, korleis regjeringsmedlemma jobbar og korleis dei lagar politikk. Då må dei ut og snakke med folka bak. Prosjektet inneber mellom anna intervju med tidlegare statsministrar og statsrådar.
– Dette er det fine med moderne historie. At ein faktisk kan møte kjeldene sine medan dei er i live, seier Flo.