´óÏó´«Ã½

Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
senter for framifrå forsking

Premiering av SFF-initiativa ved HF

Det humanistiske fakultet har tre finalistar i konkurransen om å bli Senter for framifrå forsking. Alle tre vil få ei påskjønning frå fakultetet, uavhengig av om dei når heilt til topps.

Camilla Brautaset
HF-dekan Camilla Brautaset anerkjenner det harde arbeidet som ligg bak ein SFF-søknad. Uavhengig av om søkjarane når gjennom det endelege nålauget, vil fakultetsleiinga tildele ei rekrutteringsstilling til kvart av dei tre fagmiljøa.
Photo:
Eivind Senneset

Main content

– Eg er utruleg stolt over dei tre miljøa som stÃ¥r bak søknadane til Senter for framifrÃ¥ forsking, seier Camilla Brautaset, dekan ved Det humanistiske fakultet.ÌýÌý

BrautasetÌýhar lese søknadane fleire gonger i løpet av prosessen, og er imponert over planane og forskingsprosjekta dei har jobba fram. Ho er ikkje det minste forundra over at alle tre har nÃ¥dd heilt til finalen.Ìý

– Fellesnemnarane for dei tre prosjekta er gnistrande gode forskarar og atÌýdei er bygd nedanfrÃ¥ og opp. Uavhengig av om dei nÃ¥r til topps eller ikkje, fortener dei meir enn ein klapp pÃ¥ skuldra for den formidable innsatsen dei har lagt ned i denne maratonlange og krevjande søknadsprosessen, seier ho.

Stipendiatstillingar til alle fagmiljøaÌý

Av i alt 161 søknader som blei sendt til Senter for framifrÃ¥ forsking (SFF) pÃ¥ landsbasis, gjekk 36 av dei vidare til andre runde. Av desse var berre tre frÃ¥ humaniora, og alle tre ligg ved Det humanistiske fakultet ved UiB.Ìý

Utlysninga skal resultere i rundt 11 nye senter for framifrå forsking.

– I tillegg til at sentra skal ha høg fagleg kvalitet, krev ForskingsrÃ¥det at dei skal vere internasjonale og fremje tverrfagleg forsking. Dei tre initiativa vÃ¥re kan hake av for alt det. Kven som vert nye SFF’ar vert kunngjort i haust, og vi er utruleg spente, seier Brautaset og pÃ¥peikar:Ìý

– På mange måtar er det berre gullvinnarar i dette racet, dei som ikkje når heilt opp får ikkje ein gong medalje.

HF-dekanen anerkjenner det harde arbeidet som ligg bak ein SFF-søknad, og har enorm tru pÃ¥ prosjektideane. Uavhengig av om søkjarane nÃ¥rÌýgjennom det endelege nÃ¥lauget, vil fakultetsleiinga tildele ei rekrutteringsstilling til kvart av dei tre fagmiljøa.

– Vi ønskjer at finalistane våre skal sitje igjen med meir enn erfaringa det er å gå gjennom ein slik søknadsprosess. Ved å tilføre fagmiljøa ein ekstra ressurs, vil dei kunne kome litt i gang med prosjekta uansett korleis det går med søknadane. Prosjekta er for gode og for viktige til at dei berre skal renne ut i sanden.

– Det vil vere eit stort tap for samfunnet om denne forskinga ikkje vert realisert, seier ho.

Imponerande bredde og styrke

Dei tre senterinitiativa frÃ¥ÌýDet humanistiske fakultet som er i finalerunden er:

– Til saman viser dei tre søkjarane bredda og styrken ved HF pÃ¥ ein imponerende mÃ¥te. Dei kjem frÃ¥ tre ulike fagmiljø og har heilt ulike perspektiv og innfallsvinklar til problemstillingane dei reiser, seier Brautaset og utdjupar:Ìý

– Visions of the Artic har tyngdepunkt i kunsthistorie og vil studere korleis visuelle, andre fremstillingar og representasjonar av Arktis inngÃ¥r som del av større forhandlinger om Arktis bÃ¥de nÃ¥r det gjeld historie, identitet, territorium – og makt.Ìý

– Digital Narrative er fundert i fagmiljøet digital kultur. Dei ønsker Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ kva det gjer med oss som menneske og samfunn nÃ¥r liva vÃ¥re i stadig større grad vert styrt av algoritmar.ÌýÌý

– AcKnowledges vil studere forholdet mellom kunnskap og politikk. Kvifor er det slik at nokre former for kunnskap blir omsett til politikk, medan annan kunnskap forblir stum i møte med sentrale samfunnsutfordringar som tap av biodiversitet, eller ein pandemi?

Om fakultetet har plass til tre nye SFF'ar?

– Definitivt, meiner Brautaset.