³§±è°ùÃ¥°ì±è´Ç±ô¾±³Ù¾±°ì°ì ved UiB
Om UiBs språkpolitikk, språktenester, lov og retningslinjer.
Main content
.
Universitetet i Bergen skal ha ein tydeleg språkpolitikk og stå fram som eit språkleg førebilete for norsk utdanning, kultur- og samfunnsliv. Norsk er hovudspråket. Det betyr at undervisningsspråket, administrasjonsspråket og det daglege arbeidsspråket i all hovudsak er norsk. Prinsippet om klarspråk er grunnlag for språkbruken ved UiB.
Universitetet er også eit internasjonalt akademisk møtepunkt der publiseringa og formidlinga skjer på engelsk. Det betyr at universitetet har ein parallellspråkleg praksis der engelsk er det mest brukte framandspråket, men også andre framandspråk blir brukt.
Universitetets tilsette deltar i internasjonal forsking, men har også i sin faglege verksemd ei betydeleg rolle i å utvikle og ta vare på det norske språket. Å utvikle og formidle norsk fagspråk og terminologi er ein viktig del av UiBs samfunnsoppdrag.
Språkleg likestilling og toleranse er eit sentralt prinsipp ved UiB. Nynorsk skal ha ein sentral plass i verksemda. UiB har eit særleg ansvar for at nynorsk skal være eit viktig språk i norsk høgare utdanning. Dei mange brukarane av nynorsk ved UiB er ein stor ressurs for nynorsk språk og har stor verknad for norsk språkutvikling.
Språkpolitisk utval
Språkpolitisk utval ved UiB vart oppretta etter vedtak av og er eit viktig verkemiddel for å følgje opp UiBs språkpolitikk. for utvalet listar opp følgjande hovudoppgåver:
- være universitetets rådgivende utvalg for språkpolitikk og fremme bevissthet om språkpolitiske spørsmål
- ha oversikt over og gi råd om universitetets rolle og plikter for å fremme norsk språk og språkutvikling
- arbeide for at de språklige retningslinjene ved UiB blir gjennomført
- foreslå tiltak som kan bidra til å styrke kvaliteten på språkpraksis og videreutvikle lærestedets språkpolitikk
Utvalet skal vere breitt samansett, ha god fagleg breidde og ha studentrepresentasjon. Utvalet rapporterer direkte til universitetsleiinga, og skal kvart år gi ein rapport.
Medlemmer
- Marita Kristiansen, førsteamanuensis,ÌýInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studierÌý(leiar av utvalet)
- Endre Brunstad, professor, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
- Rune Johan Krumsvik, professor, Institutt for pedagogikk
- Anna Svingen-Austestad, førsteamanuensis, Griegakademiet - Institutt for musikk
- Ingrid W. Solhøy, seniorrådgiver, Fakultet for naturvitenskap og teknologi
- , førsteamanuensis, Det medisinske fakultet
- , seksjonssjef HR-avdelinga
- Rasmus Tennø Loe, studentrepresentantÌý
Kommunikasjonsavdelinga ved er sekretariat for utvalet.
Ã…°ù²õ°ù²¹±è±è´Ç°ù³Ù²¹°ù
Ìý
Møte 2025
07.03.25
08.04.25
03.06.25
Møte 2024
16.05.24Ìý
02.10.24Ìý
05.12.24
Møte 2023
14.02.23Ìý
13.04.23Ìý
01.06.23Ìý
16.10.23Ìý
22.11.23Ìý
Møte 2022
27.01.22ÌýÌý
07.03.22ÌýÌý
09.06.22ÌýÌý
02.09.22ÌýÌý
10.11.22ÌýÌý
Møte 2021
25.01.21ÌýÌý
15.03.21ÌýÌý
19.04.21ÌýÌý
31.05.21ÌýÌý
30.08.21Ìý Ìý
29.11.21ÌýÌý
Møte 2020
14.09.20ÌýÌý
12.10.20Ìý Ìý
04.12.20ÌýÌý