Samfunnsplanleggar i Fjell kommune
Marit Selberg Sigurdson fullførte mastergraden i geografi ved UiB i 2008 og er i dag samfunnsplanleggar i Fjell kommune.
Main content
Kvifor valte du å studere geografi ved UiB?
I 2005 fullførte eg ein bachelorgrad i kulturarbeid ved Høgskulen i Telemark. Eg var oppteken av bruken av kunst og kultur som ein del av stadsutviklings- og transformasjonsprosessar, og ønskja å supplera utdanninga mi med planleggingsteori. Eg fekk eit tips om at geografi ved UiB hadde eit godt tilbod innan dette feltet, og etter ein koselig prat med Arild Holt-Jensen bestemte eg meg for å søka opptak på årsstudium. Etter eitt år med ulike emne i geografi, var eg så begeistra for faget at eg bestemte meg for å fortsetja med mastergrad i samfunnsgeografi.
Kvifor bør eventuelt nye søkarar velge å studere geografi ved UiB?
Eg hadde tre supre Ã¥r pÃ¥ institutt for geografi. Det var eit godt og sosialt studiemiljø, utan for mykje intern konkurranse, men med mykje samarbeid. Geografifaget har tradisjon for feltÂarbeid, og eg var blant anna med pÃ¥ ein felttur til Pärnu i Estland i høve eit praktisk planleggingsÂemne. Dette var bÃ¥de lærerikt og utrulig artig sosialt. Ein annan positiv ting med instituttet er at det alltid var opne dører inn til professorar og førsteamanuensisar, pÃ¥ den mÃ¥ten at det var lett Ã¥ ta kontakt og fÃ¥ den hjelpa ein har behov for.
Korleis er utdanninga di relevant for den jobben du har i dag?
Geografiutdanninga er veldig relevant for det eg gjer til dagleg. Eg tilsett som samfunnsÂplanleggar i Fjell kommune, med ansvarsomrÃ¥de innanfor temaÂplanlegging, prosess- og prosjektleiing, og demografisk og sosial analyse. Fjell kommune er pÃ¥ den eine sida ein urban kommune med høg vekst i folketalet og eit sterkt næringsliv, og pÃ¥ den andre sida eit bygdeÂsamfunn med ein tydeleg strilekultur. Geografifaget gjev kunnskap om prosessar og praksisar som pÃ¥verkar lokal utvikling, regionalisering, stadstilknyting og identitet, og denne kunnskapen fÃ¥r eg god bruk for i kvardagen. I tillegg har eg stor nytte av det eg har lært om kvalitative og kvantitative analysemetodar, og ikkje minst innsikta i teoriar om samfunnsplanlegging.