´óÏó´«Ã½

Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Musikk på tvers

Polyfon-konferansen 2025

Polyfon-konferansen 2025 vil leggje til rette for spennande fleirstemde samtalar om kva musikk har å tilby som helseressurs, om kvifor dette er meir relevant enn nokon gong og om kva kunnskapsklynga kan bidra med i vidare utvikling av feltet.

Polyfon-konferansen 2025
Photo:
Polyfon.

Main content

Polyfon-konferansen 2025 gÃ¥r av stabelen fredag 14. november. Konferansen er eit samarbeid mellom Polyfon, UiB og Høgskulen pÃ¥ Vestlandet, og vi er nok ein gong sÃ¥ heldige Ã¥ fÃ¥ ta i bruk dei fine lokala til HVL pÃ¥ campus Kronstad.Ìý

Konferansen er open for alle interesserte. Konferansedeltaking er gratis for brukarar og bidragsytarar og for alle som er tilsett eller student hos ein av Polyfons 15 klyngedeltakarar.

Tema for konferansen: Musikk på tvers

Musikk er ein viktig del av kvardagen for dei fleste. Interessa for samanhengar mellom musikk, helse og samfunn er større enn nokon gong. Musikkterapi er tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. Likevel er det eit stykke fram før musikkens kraft er tatt i bruk på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samfunnet. Korleis kan vi styrke arbeidet med formidling, praksisutvikling, forsking og utdanning? Og korleis kan vi samarbeide, på tvers?

Temaet "Musikk på tvers" kan altså tolkast på fleire måtar som peikar på aspekt av det klyngesamarbeidet handlar om, t.d.: På tvers av fag, på tvers av kompetansar, på tvers av praksisar og på tvers av sektorar.

Vi inviterer til kritikk, refleksjon, samtale og diskusjon.

Program

Programkomiteen har starta arbeidet med eit spennande program, og har førebels sett opp hovutrekk i programmet, med atterhald om endringar )detaljar kjem seinare på våren).

09.00-09.30 Dørene opnar –Ìýregistrering, kaffi og frukt

PLENUM

09.30-10.00 Opning (musikk + opningshelsing)

10.00-10.10 Film

10.10-10.40ÌýPlenumsinnlegg/-diskusjon 1: 10 Polyfone Ã¥r: Kva kom ut av det? (Kva har skjedd med utviklinga av MT i Norge. Dei store linjene i klyngas utvikling. Suksessfaktorar/kritikk/refleksjon)

10.40-11.10 PAUSE / betjent posterutstilling

11.10-12.00 Plenumsinnlegg/-diskusjon 2: Kor står faget og kunnskapsklynga i dag? (Musikkterapiens samfunnsrelevans. Klyngas strategi og handlingsplan. Korte innlegg frå prosjekt som har fått støtte frå Polyfon. Presentasjonar frå nye forskarspirer og spennande, innovative prosjekt).

________________

12.00-13.00 LUNSJ

13.00-14.35 Parallelle sesjonar / Møteplass

14.35-15.00 PAUSE

________________

PLENUM

15.00-15.40 Plenumsinnlegg/-diskusjon 3: Eit blikk inn i framtida. (Strategiar for nasjonal implementering av musikkterapi. Musikk som folkehelseressurs. Kor står vi om 50 år? Paneldiskusjon om mogelegheiter og utfordringar framover.)

15.40-16.00 Avslutning (Kort sluttkommentar + musikk)

Strøyming 14. november

Best utbyte av konferansen får sjølvsagt dei som deltar fysisk, både p.g.a. av dei parallelle sesjonane etter lunsj og fordi pausepraten og nettverksbygginga alltid er ein viktig del av ein konferanse. Men med tanke på nasjonal rekruttering og behovet for å spreie kunnskap til heile landet, vil vi også leggje opp til ei enkel strøyming av programmet i plenumssalen, slik at folk (utan kostnad) kan følgje dette anten dei sit i Alta eller Arendal.

Lenke til strøyming vert lagt ut her når det nærmar seg.

Mini-festival 12. - 14. november

Også i år planlegg vi ein "mini-festival" i dagane rundt konferansen, med inspirasjonsdagar, konsertar og arbeidsseminar, i tillegg til sjølve Polyfon-konferansen. Detaljar kjem etterkvart som dei er klare.

Kursgodkjenning

Polyfon-konferansen 2025 søkjer kursgodkjenning frÃ¥ Legeforeningen og Norsk psykologforening.Ìý

Universell utforming

Konferansestad (Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad)

  • Konferansestaden er tilgjengeleg for rullestol.
  • Det er trinnfri tilkomst til alle rom som vert brukt under konferansen. Alle rom som vert brukt ligg i første etasje / pÃ¥ bakkenivÃ¥.
  • Konferanseregistreringen vil vere i "Storstuen" (foajeen), til venstre for HVLs hovudinngang, like ved Mimes Brønn.Ìý

Ìý

Ankomst

  • Anten du kjem frÃ¥ flyplassen eller Bergen sentrum, kan du ta Bybanen til campus. Bybanen stoppar like ved høgskulen, og bybanestoppet heiter Kronstad. Skal du frÃ¥ sentrum til campus, er reisetida med Bybanen 10 minuttar. Reisetid frÃ¥ flyplassen til Kronstad er 40 minuttar.
  • Bybanen er tilgjengeleg for rullestolar.
  • PÃ¥ Kronstad er det 11 HC-plasser, som kan nyttast kostnadsfritt dersom du har kommunalt HC-kort/parkeringsløyve.

Ìý

Nedsett hørsel

  • Det er teleslynge i Mimes Brønn.
  • Det er FM-sendar i romma som vert brukt til parallellsesjoner.Ìý

Ìý

Astma/allergi

  • Alle konferanserom er teppefrie.

Om Polyfon-konferansen

Polyfon-konferansen er ein Ã¥rleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.Ìý

Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.

Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.

Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!