´óÏó´«Ã½

Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Retningslinjer

Søk om Polyfon forskingsstøtte

Søknadsfristar 2025: 1. mars og 1. oktober. Fell fristen på ein laurdag eller helgedag, aksepterer vi søknader som kjem innan kl. 13.00 første kvardag etter dette. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

Instrument
Polyfon deler ut forskingsstøtte til eit breitt spekter av forskingsprosjekt som kjem praksisfeltet til gode.
Photo:
Wes Hicks

Main content

Tilsette hjå Polyfons klyngedeltakar er velkomne til å søkje om forskingsstøtte. Både fagpersonar, erfaringskonsulentar og leiarar kan søkje, gjerne i samarbeid. Ein kan svært gjerne samarbeida med ulike eksterne aktørar, men prosjektleiar må vera tilsett hos ein klyngedeltakar.

Søknader vert evaluerte av ein ekstern vitskapleg komité, medan Polyfons sekretariat tar seg av dei administrative sidene av vurderings- og tildelingsprosessane.

Sekretariatet gjev gjerne rÃ¥d til deg som arbeider med søknadar og prosjekt. Førespurnader om rÃ¥d og rettleiing sendast til:Ìýpolyfon@uib.no

Sjå gjerne denne oversikta over kva prosjekt som tidlegare har fått støtte.

Formelle krav og rammer

    Søknader skal innehalde ei prosjektskisse med tydeleg presentasjon av bakgrunn, problemstilling(ar), teori, metode, og etiske aspekt. Der det er relevant, kan IMRAD-formatet brukast til å strukturere prosjektskissa. Såkornfunksjon, tidsplan, finansieringsplan og formidlingsplan må også vere med. Merk: i det digitale søknadsskjemaet ligg det ei avgrensing på maks 1600 ord for prosjektskissa, medan andre punkt har ei avgrensing på maks 100 ord. Feltet for litteraturreferansar har inga avgrensing.

    Dersom ein søkjer midlar til eit prosjekt som tidlegare har fått Polyfon-støtte, må dette gjerast eksplisitt og søkjar må gjere greie for i) kor langt prosjektet er kome, og kva som står igjen ii) korleis tidlegare tildeling er brukt, iii) kvifor det er behov for ytterlegare støtte.

    Det kan søkjast om støtte til drift og/eller til frikjøp av person eller gruppe i klynga, til engasjement av ekstern ekspertise og/eller til engasjement av student(ar) i forskarassistentoppdrag. Aktuelle søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 20 000, – og oppover til kr. 120 000,-.

    Søknader skal vere godkjende av leiinga hjå aktuell deltakar i klynga. Ei slik godkjenning skal dokumenterast ved at ein i det digitale søknadsskjemaet lastar opp ein e-post der leiinga eksplisitt stadfestar at den konkrete søknaden er godkjent.

    Normalt er det forventa at klyngedeltakaren stiller med ein eigeninnsats som minst svarar til den summen det vert søkt om. Eigeninnsats kan t.d. vere avsett forskingstid eller permisjon med løn til prosjektarbeid. Dersom fleire klyngedeltakarar samarbeider om eit prosjekt, kan eigeninnsatsen fordelast mellom aktuelle klyngedeltakarar. Det er då viktig at søknaden er tydeleg forankra hos kvar av dei samarbeidande klyngedeltakarane, og at det kjem fram reell eigeninnsats hos kvar av dei samarbeidande klyngedeltakarar.

    Ved tilslag, vert støtte utbetalt til søkjande klyngedeltakar, som forvaltar tildelinga.

    Søknaden sender du inn på .

    Retningslinjer for vurdering av søknader

    Den vitskaplege komiteen som vurderer innkomne søknader, arbeider etter følgjande retningslinjer:

    • Det fagfeltet kunnskapsklynga Polyfon arbeider med er musikkterapi / musikk og helse, sÃ¥ prosjekt mÃ¥ ha eit fokus pÃ¥ fysiske, psykiske, eksistensielle og/eller sosiokulturelle dimensjonar av aktuelle relasjonar mellom musikk og helse
    • Folkehelserelaterte prosjekt i barnehage, skule og lokalsamfunn er like velkomne som prosjekt knytt til praksis innan helsevesenetÌý
    • Klynga arbeider tverrfagleg, sÃ¥ det er ikkje eit vilkÃ¥r at søkjaren skal kome frÃ¥ musikkterapifaget, men uansett fagbakgrunn er det ein føresetnad av samarbeidsmogelegheiter er vurderte og at prosjektskissa aktivt byggjer pÃ¥ tilgjengeleg litteratur pÃ¥ feltet ÌýÌý
    • Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering ut i frÃ¥ klyngas visjon, verdiar, mÃ¥lsetjingar og satsingar ()
    • Midlane skal ha ein sÃ¥kornfunksjon, slik at prosjektsøknader bør peike fram mot vidare utvikling og gjerne ogsÃ¥ ekstern finansiering
    • Søknader mÃ¥ vise at det blir lagt til rette for brukarmedverknad sÃ¥ langt dette er mogeleg og relevant. I folkehelserelaterte prosjekt kan dette eventuelt realiserast som folkeforsking (citizen science). Polyfon sinÌýrettleiar for brukarmedverknad gir informasjon om gode praksisar for brukarmedverknad
    • Der det er relevant, kan søknader gjerne leggje til rette for samarbeid med master- eller ph.d.-prosjekt, med andre klyngedeltakarar og med fagpersonar frÃ¥ ulike tradisjonar
    • Søknader skal formelt og fagleg vere forankra hos aktuell klyngedeltakar