PHDJUR905 Formidling av rettsvitenskaplig forskning
Emneinformasjon våren 2024
Main content
Generell emneinformasjon
Sigrid Eskeland Schütz er emneansvarleg og deltek på alle samlingar. Det er obligatorisk oppmøte til all undervising i emnet.
Samlingane vert fysisk eller online, alt etter tilhøva.
4. juni 2024 kl. 12.00-14.00, Rom 448, Jus2: Førelesingar og diskusjon
Kjetil Kolsrud, redaktør Rett24 held innlegg.
¹óø°ù±ð²ú³Ü¾±²Ô²µ: les tekststykket Audun Farbrot; Forskningskommunikasjon (praktisk handbok for forskarar og kommunikasjonsrÃ¥dgjevarar), som gjev ein peikepinn pÃ¥ problemstillingar vi treng Ã¥ arbeide med. Les gjerne:Â
7. juni 2024: Innlevering av mediebidrag
Etter samlinga 4. juni arbeider den enkelte, eller fleire saman, med utkast til eit mediebidrag etter eige val. Utkastet skal sendast modulansvarleg sin e-post innan 7. juni kl 12.00, og utkast som er bestått vert så sendt ut til alle deltakarar.
¶Ùø³¾±ð pÃ¥ mediebidrag:
- Pressemelding om eiga doktoravhandling (obligatorisk ved innlevering): Nye doktorgrader ved UiB (alle ved UiB, nyaste er øvst). Alle ph.d.-pressemeldingar fra Det juridiske fakultet (klikk på lenka ved sida av kvart namn for å lese pressemeldinga).
- Kronikk: Kronikken skal vere med overskrift og ingress, til saman mellom 4000 og 6000 teikn (inkl. mellomrom). Sjå for deg kva media du skal sende kronikken til, og prøv å tilpasse stil og innhald til det aktuelle media (lokalavisa Sunnhordland vil ha andre typar tema/vinkling enn BT, osv). Oppgje innleiingsvis kva konkret media du siktar mot. Kronikken kan handle om eit særspørsmål med ei viss tilknytning til avhandlingsemnet ditt eller fagområde du kjenner. Det kan vere eit "hypotetisk aktuelt" spørsmål - eit spørsmål vi tenkjer oss har aktuell interesse i mediebiletet.
- Podcast: ein (eller fleire saman) lagar ein 10 min episode, ta gjerne opptak via Teams. Send med tekst som skal er tenkt Ã¥ ligge ute pÃ¥ nett der podcasten skal «publiserast», og som tek for seg tema/namn, mÃ¥lgruppe, episodetittel, presentasjon av deltakarane el.l. ¶Ùø³¾±ð:
- Presentasjon av ein sjølv og forskinga si pÃ¥ fakultetet sine heimesider. ¶Ùø³¾±ð.
- Poster: Lag ein poster (treng ikkje printast, lagre som PdF) der du presenterer forskinga di, , du kan nytte (under «plakat og vitenskapelig poster»)
Alle arbeid kan vere på norsk el. engelsk. Har du problem med å kome i gang; ikkje nøl med å ta kontakt. Vi bidreg gjerne undervegs i arbeidet.
10. juni 2024: Diskusjon av mediebidrag (vi deler oss i grupper)
Deltakarane møtes for å kommentere og diskutere kvarandre sine bidrag under leiing av emneansvarleg (2 timar). Her skal kvaliteten på bidraga analyserast med omsyn til innretning, formidlings-kvalitet, faginnhald og målgruppe. Bidraga skal vidare studerast i lys av forskaren sitt val av strategi, medium og moglege utfordringar ved faktisk publisering eller formidling.
Emneskildring
²ÑÃ¥±ô: Emnet skal bidra til Ã¥ gi stipendiatane innsikt i føremÃ¥l bak og metodar for Ã¥ formidle rettsvitskap. MÃ¥let er at ph.d.-kandidatane gjennom erfaring med formidlingsarbeid og refleksjon rundt rolla som rettsvitskapsmann/kvinne i ulike medium, vert betre i stand til Ã¥ vurdere om og korleis formidling av eiga forsking kan skje.
Innhald: Emnet vil gje ei grunnleggande innføring i formidling av rettsvitskapleg forsking, etikk knytt til forskingsformidling, handtering av media og forskaren si rolle i media.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð: Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Ph.d.-kandiaten har fått trening i formidling med fokus på å skrive kronikk i avis, men òg ha fått innføring i andre arenaer for formidling, som deltaking i juridiske debattar.
Kandidaten skal ha
- Kunnskap i ulike måtar å formidle rettsvitskapleg forsking
- Kunnskap om etikk og rolleforståing ved formidling
- Kunnskap om handtering av media
Ferdigheiter:Â Kandidaten skal
- Kunne skrive ein kronikk, lage pod-kast, delta i juridiske debattar eller på annan måte formidle rettsvitskapleg forsking
- Kunne vurdere strategiar for, etiske spørsmål ved og handtering av media, knytt til formidling av eiga forsking
Generell kompetanse
- Kandidaten kan vurdere eiga rolle i massemediene.
Arbeids og undervisningsformer
Før undervisinga vert det sendt ut eigna litteratur om emnet. Det vert først gjeve ei innleiing og førelesingar over emnet formidling. Førelesinga inneheld òg generelle spørsmål om etikk knytt til forskingsformidling og handtering av media (2 timar). Deltakarane skal innan ein frist sjølv skrive kronikk eller utarbeide eit anna medie-bidrag med utgangspunkt i eiga forsking. Bidraget skal leverast modulansvarleg, med krav til godkjenning av innlevert arbeid. Bidraga vert dernest distribuert til deltakarane, som skal setje seg inn i kvarandre sitt arbeid. Etter halvanna veke møtast deltakarane for å kommentere og diskutere kvarandre sine tekstar eller bidrag under leiing av modulansvarleg (2-4 timar). Her skal kvaliteten på bidraget analyserast med omsyn til innretning, formidlings-kvalitet, faginnhald og målgruppe. Bidraga skal vidare studerast i lys av forskaren sitt val av strategi, medium og moglege utfordringar ved faktisk publisering eller formidling. Det er obligatorisk oppmøte til all undervising i emnet.