EU-støtte til brennheit matematikk i undergrunnen
Inga Berre skal simulere prosessar i geotermiske system som det ikkje har vore mogeleg å studere slik tidlegare. Det europeiske forskingsrådet gir prosjektet ERC-støtte, eit av dei mest prestisjefylte forskingsprogramma EU har å by på.

Main content
– Dette er eit tverrfagleg prosjekt i grenselandet mellom anvendt matematikk, utrekningsorientert fysikk og geovitskap. Prosjektet vil utvikle nye numeriske metodar og simuleringsverktøy til bruk i simulering av viktige kopla prosessar i geotermiske system, som  det ikkje har vore mogeleg å kvantifisere tidlegare, seier Inga Berre, professor ved Matematisk institutt.
Geotermi tyder jordvarme, og viser til varmen som kjem frÃ¥ innsida av planeten vÃ¥r.Â
Berre forklarar at ein på denne måten kan forstå viktige aspekt ved til dømes  høgtemperatur og superkritiske geotermiske system. Dette vil igjen kunne tyde mykje for produksjon av eit større spekter av geotermiske ressursar.
Fleire års arbeid ligg bak
No fÃ¥r prosjektet hennar eit av dei beste utmerkingane EU sitt rammeverk for forsking har Ã¥ gi: ERC Consolidator Grant. Denne typen støtte gÃ¥r til forskarar som kan visa til framifrÃ¥ resultat. Forskingsprosjekta fÃ¥r opp til 2 millionar euro i ein femÃ¥rsperiode.Â
– Dette betyr mykje, ikkje berre for meg, men for heile forskingsgruppa, seier Berre.Â
Ho fortel at prosjektet har sitt utspring i arbeid gjort over mange Ã¥r, der samarbeid med tidlegare og nÃ¥verande studentar og kollegaer som Eirik Keilegavlen, Jan Nordbotten og Florin Radu har vore avgjerande.Â
No vil ho bruka prosjektet til Ã¥ gjere miljøet endÃ¥ sterkare.Â
– Eg ser fram til å få arbeide langsiktig, og gå laus på spanande og grunnleggande forskingsutfordringar innan fagområdet som så langt ikkje har vore studert. Prosjektet gjer det også mogeleg å legge god kvalitet inn i utvikling av open kjeldekode, seier matematikaren.
Eit internasjonalt tyngdepunktÂ
Berre skal òg leia senteret Vista CSD, som i oktober 2020 fekk VISTA-støtte frå Equinor og Det Norske Videnskaps-Akademi. Senteret opnar i januar 2021.
Dei to prosjekta vil operera i samspel med kvarandre, og Berre meiner ERC-prosjektet vil passa godt innafor rammene til senteret.Â
– Dette vil bidra til å styrke senteret. Til saman gir ERC-prosjektet og VISTA-senteret oss høve til å styrke vår posisjon som et internasjonalt tyngdepunkt og eit attraktivt miljø, som eg er sikker på at det vil springe spanande forskingsresultat og gode samarbeid ut av, avsluttar professoren.