Rekordmange realfagstudentar på unik studiestart
Rekordmange nye realfagstudentar byrjar på Universitetet i Bergen i år, til ei studiestartveke utanom det vanlege. Smittevern, tryggleik og avstand er viktig, samstundes som studentane skal få ein sosial og god start på studiene sine.

Main content
I 2020 har 1100 studentar takka ja til studier i realfag ved Universitetet i Bergen (UiB). I 2019 helste fakultetet 750 nye studentar velkomen.Ìý
Vanlegvis vert alle dei nye studentane samla i Grieg-hallen til velkomstseremoni, før dei vert introduserte til sine nye studiekameratar og studieprogram.Ìý
Studentar kjem på skift
PÃ¥ grunn av koronaviruset og omsynet til smittevern vert Ã¥rets nye studentar tekne mot i to skift i studiestartveka.Ìý

SMITTEVERNSREGLAR: Desinfisering på veg inn i Realfagbygget.
Digital opningsseremoni med Sigrid og Solberg
Kvart Ã¥r vert alle studentane ved UiB inviterte til opningsseremoni. I Ã¥r varÌývelkomstseremonien digital, med helsingar frÃ¥ Statsminister Erna Solberg og konsert med Sigrid.
- SjÃ¥ sendinga her:ÌýVelkomstsending, direkte fra Universitetsaulaen
Helge K. Dahle, dekan ved fakultetet, helsar nye studentar pÃ¥ sin blogg.ÌýDei første vekeneÌýer viktige for at studentane skal oppleve fakultetetÌýsom landets beste stad Ã¥ studere, meiner han.
– Vi skal sikre godt smittevern. Samstundes skal vi også ta i mot studentane på ein slik måte at dei føler seg velkomne, at dei får etablert gode nettverk, og at dei blir sosialisert inn ein god akademisk kultur, .
I den første veka pÃ¥ UiB vert alle nye realfagsstudentar med pÃ¥ klassemottaket. Det er ein del av det offisielle mottaket for nye studentar pÃ¥ fakultetet, og er einÌýtrygg og god arena der du blir kjent med medstudentane dine og med fakultetet.Ìý
Berekraftig fadderveke
I år er alle studentane inviterte til å vera med på ein #RealUtfordring, der studentane skal finna måtar å gjera fadderveka meir berekraftig.
Fadderveka er eit godt utgangspunkt for studentane for Ã¥ verta kjente med bÃ¥de studiekameratane sine, Bergen og universitetet. FaddervekaÌývert gjennomført ogsÃ¥ i Ã¥r, men eit høgt fokus pÃ¥ smittevernstiltak.
Ìý