– UiB sitt potensiale for energiomstilling er stort
Kristin Guldbrandsen Frøysa har hatt eitt Ã¥r i stillinga som energidirektør ved Universitetet i Bergen. Her er dei viktigaste erfaringane ho har gjort seg.Ìý

Main content
Då Kristin Guldbrandsen Frøysa starta som energidirektør i 2018 var hovudmålet hennar å skapa eit betre samarbeid med regionen og å mobilisera fagfolk på heile Universitetet i Bergen (UiB) til å delta i universitetet si satsing på energiomstilling (lenke).
– Ei av UiB sine store styrker er at det er eit sterkt næringsliv i regionen. Me vil bÃ¥de skaffa dei gode kandidatar og ha ein god dialog.Ìý
Ho ser pÃ¥ det som ein av sine viktigaste oppgÃ¥ver Ã¥ arbeida for at næringslivet skal fÃ¥ det dei treng frÃ¥ UiB.Ìý
– Utan at det gÃ¥r pÃ¥ akkord med UiB sine verdiar, sjølvsagt. Næringslivet kan styrkast bÃ¥de gjennom forskinga vÃ¥r og gjennom studentane vÃ¥re. Utplassering av studentar gjev ei god forstÃ¥ing av kva problemstillingar næringslivet har. Nesten alleÌýstudentane vÃ¥re skal finna arbeid utanfor universitetet og nytta fagkunnskapen sin der.Ìý
I september 2018 vartÌýBergen Offshore Wind CentreÌý(BOW) opna. Senteret samlar UiB si satsing pÃ¥ havvind,ÌýÌýdet vil seia straumproduksjon frÃ¥ vindturbinar til havs.Ìý
– BOW er eit viktig steg. Me arbeider for fleire slike tematiske senter, seier Guldbrandsen Frøysa.Ìý
Skal motivera andre
Rolla som energidirektør inneber å både vera ein representant for fagmiljøa, men også ein person som motiverer andre.
– Ein viktig del av jobben er Ã¥ vera ein slik katalysator – ein som fÃ¥r andre til Ã¥ mobilisera og vera ein person som folk kan ta kontakt med.Ìý
Ei anna viktig oppgÃ¥ve har vore Ã¥ gjera energi-ekspertane pÃ¥ UiB meir synlege. Det har mellom anna resultert i fleire lesarinnlegg om bÃ¥de land- og havvind.Ìý
Energidirektøren trur det er viktig Ã¥ delta i debattar.Ìý
– Det er ein del av rolla vÃ¥r Ã¥ ta stilling, ikkje partipolitisk, men basert pÃ¥ fakta. Slik fÃ¥r me bÃ¥de fram riktig og viktig informasjon, samt gjera folk klare over at me har ekspertisen pÃ¥ UiB, seier ho.Ìý
Framsnakking er nøkkel
– UiB sine musklar er mykje sterkare enn eg hadde trudd dÃ¥ eg starta, seier ho.Ìý
Breidda i kunnskap pÃ¥ fleire tema er ei anna av styrkene ved universitetet. Ho nemner særleg miljø som , CET-senteret,ÌýLINGCLIMÌýog Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved universitetet som sentrale nÃ¥r det gjeld forskinga pÃ¥ energiomstilling.Ìý
– I tillegg har me fleire viktige kulturberarar som snakkar positivt om andre fagmiljø. Me er i ferd med Ã¥ skapa ein kultur der kunnskapen pÃ¥ tvers vert meir og meir nyttig.ÌýÌýÌý
Ho trur alle fakulteta pÃ¥ universitetet kan bidra i energiprosjekt og energiforsking.Ìý
– Me treng grupper som har vilje til Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ seg sjølv som ein del av noko større og vil vera med pÃ¥ Ã¥ byggja eit større miljø.Ìý
Best i Noreg
MÃ¥let dei neste Ã¥ra er at UiB skal verta eitt av dei fremste forskingsmiljøa innan energiomstilling.Ìý
– Eit anna mÃ¥l er at me gjerne vil at fleire eksterne skal retta seg til oss, det gjeld alt frÃ¥ føredrag til større prosjekt. Ein skal oppleva at ein fÃ¥r den hjelpen ein treng nÃ¥r ein tek kontakt med UiB.Ìý
Ìý