´óÏó´«Ã½

Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Senter for klima- og energiomstilling

Forsking på grøn omstilling er best i hardt vêr

– Det er på Vestlandet vi kjenner mest på dette med flom og ekstremvêr, seier klimaforskar og senterleiar Håvard Haarstad.

HÃ¥vard Haarstad
HÃ¥vard Haarstad, forskar ved institutt for geografi, og leiar for det nye Senter for klima- og energiomstilling.
Photo:
Director of CET, HÃ¥vard Haarstad.

Main content

Klima og energiomstilling er eit av UiB sine tre satsingsområde. Vi veit at klimaendringane skjer, men kva skal vi gjere med dei?

27. oktober opnar senter for klima- og energiomstilling (CET), som skal sjÃ¥ pÃ¥ endringane som mÃ¥Ìýgjerast frÃ¥ eit samfunnsperspektiv. HÃ¥vard Haarstad ved institutt for geografiÌýskal leie det nye senteret:

– Vi er opptekne av vegvalÌýfor samfunnet, slik at vi veit kva vi mÃ¥ gjere med dei ambisiøse mÃ¥la vi har satt oss. Korleis kjem ein seg dit? Kva politikk er effektiv, og kva faktorar kan utløyse rask endring?

Haarstad meiner det er spesielt sentralt at eit slikt senter er plassert på Vestlandet. Både for å dra vekslar frå kompetansa vi alt har her, men også fordi vi er tettare på klimaendringane her. CICERO i Oslo har vore eit sterkt miljø for dette lenge, men her på Vestlandet kjenner vi endringane på kroppen.

– Det er mange stader på Vestlandet vi kjenner meir på dette med flom og ekstremvêr, oljeindustrien førte til ekstra ledigheit på Vestlandet. Store delar av næringslivet her er utsatt for politikk rundt klimaendringar, og er opptekne av å ta tak i det, seier han.

– Vi treng meir forsking på løysingar

Sjølv om kjerna i CET ligg i samfunnsvitskapleg forskning, legg han vekt pÃ¥ at det skalÌývere eit tverrfagleg senter. Samarbeid med , samt bÃ¥de psykologi og humaniora, vil vere viktig for Ã¥ finne løysingar. Dette er ein ny tradisjon som blir bragt inn i dette feltet.

– Vår måte å forholde oss til forsking på, er at forsking skal vere problemdrive – vi skal finne ut kva problemet er, og kva slags disiplinar og forskingsfelt vi kan bruke for å løyse det, heller enn å ta utgangspunkt i eit bestemt forskingsfelt, seier Haarstad.

– Vi treng meir forsking på løysingar, og samfunnets handtering av problemet.

Arbeidet med å forholde seg til klimaendringar hender på alle nivå, frå kommunalt til nasjonalt til globalt nivå. Haarstad er oppteken av at ein må kommunisere med mange, inkludert næringslivet, og at det som kjem ut av CET skal vere «actionable research» – forsking ein kan ta avgjerder basert på.

– Når ein publiserar i internasjonale tidsskrift er det ikkje så farleg kvar ein sit. Men det kan ikkje handle om å berre sitje på kontoret og skrive ein briljant artikkel, seier Haarstad og viser til samarbeida også utanfor akademia.

– Vi blir betre av å vere i dialog med samfunnsaktørar. Samproduksjon av kunnskap handlar ikkje berre om å vere snill med samfunnet, men forskninga blir då ein anna prosess. Både forskingsprosessen og det som kjem ut i andre enden blir gjort meir relevant for beslutningstakarar.

Bærekraftig byutvikling er sentralt

Byane har blitt viktige aktørar i omstillinga, spesielt sidan det lenge har gÃ¥tt trÃ¥tt i internasjonale klimaforhandlingar, og arbeid med bærekraftig byutvikling er eit prosjekt Haarstad har teke med seg inn i senteret, som for tidaÌýrekrutterar fleire tilsette.

– Vi har ei forskargruppe knytta til Norsk Medborgerpanel og opinionsdanning, og ei strategisk satsing er nullutslipp av transport – korleis fÃ¥ langtransportsystem som ikkje forureinar. SpørsmÃ¥lsstillinga erÌýkorleis ein kjem segÌýdit?

Samarbeid utanfor Noreg er ogsÃ¥ sentralt. Denne veka varÌýHaarstad saman medÌýSpaceLab med pÃ¥ Ã¥ arrangere , med kompetanse frÃ¥ blant anna Tyskland, Sverige og England. Sjølv om han pÃ¥peiker atÌýforsking er ei internasjonal konkurranse, ikkje eit krinsmeisterskap, er tilknytninga til det lokale viktig.

– Difor ser vi for oss senteret som ein slags hub som bringer folk saman og deler kunnskap –Ìýinnanfor og utanfor universitetetet.

Ìý

Les mer om MIGRASJON her.

Ìý

Ìý