Avtale om tilgjengeleggjering av masteroppgåve i BORA
Informasjon og avtale om tilgjengeleggjering av masteroppgåve i BORA.
Main content
Alle masterstudentar ved Universitetet i Bergen vert oppfordra til å gjere masteroppgåva si tilgjengeleg i . Universitetsbiblioteket får ikkje den trykte oppgåva, så BORA er den einaste staden oppgåva kan gjerast tilgjengeleg for andre.
Fordelar med å gjere masteroppgåva tilgjengeleg i BORA:
- Du kan spreie oppgåva di til andre på ein enkel og effektiv måte.
- Oppgåva vil verte søkbar gjennom nasjonale og internasjonale søkemotorar og bibliotekkatalogar.
- Oppgåva får ei permanent lenke som vil gje tilgang til oppgåva også i framtida.
Ìý
Klarering av rettigheiter:
Har du bilete teke av andre i oppgåva? Ver merksam på at det er ditt ansvar å klarere rettigheitene til desse. Du må spørje om løyve til å bruke andre sine bilete, dersom det ikkje er gjeve løyve gjennom ein lisens som fylgjer med biletet (t.d. ).
Publisering:
Skal du publisere oppgåva som bok eller artikkel hjå eit forlag? Då må du sjekke utgjevar sine retningsliner for tilgjengeleggjering i eit institusjonelt arkiv (som BORA) før du legg ho ut. Nokre utgjevarar tillet ikkje at bidraget også er tilgjengeleg i eit institusjonelt arkiv.
Hausting av metadata frå BORA:
BORA vert hausta av søkemotorar og bibliotekskatalogar, for at innhaldet i BORA skal verte søkbart ogsÃ¥ der. Dersom oppgÃ¥va vert trekt tilbake frÃ¥ BORA, kan det ta noko tid før informasjonen om oppgÃ¥va vert vekke frÃ¥ eksterne nettsider. Informasjonen vil verte fjerna neste gong søkemotoren/katalogen haustar BORA.Ìý
Masteroppgåva vert gjort tilgjengeleg under fylgjande føresetnadar:
- Avtalen gjeld mellom Universitetsbiblioteket (UB) og forfattar.
- Avtalen gjev UB, på vegne av Universitetet i Bergen (UiB), rett til å tilgjengeleggjere forfattaren si masteroppgåve i BORA.
- Alle oppgÃ¥ver vertÌýtilgjengelegeÌýmed forfattarÌýsitt namn, dette gjeld ogsÃ¥ÌýoppgÃ¥ver med anonym sensur.
- Forfattar beheld opphavsretten, og har rett til når som helst å trekke tilbake masteroppgåva si frå BORA.
- Oppgåva vil vere opent tilgjengeleg på internett så lenge UiB har eit ope institusjonelt arkiv i drift.
- Forfattar har ansvar for å klarere rettigheitene til materiale i oppgåva (illustrasjonar, grafar, bilete og liknande).
- Verket kan brukast, det vil seie visast til, lenkast til, siterast frÃ¥, skrivast ut og lastast ned til privat bruk, innanfor dei rammer som Ìý(Ã¥ndsverkloven) med endringar gjev.
- UiB kan ikkje utnytte verket økonomisk.
Ìý
Versjon 1.2 (gjeldande frå 26.02.25)