´óÏó´«Ã½

Home
Student Pages
bilateral

National Research University - Higher School of Economics and Faculty of Law (BILATERAL - 3. og 5. studieår)

  • CountryRussia
  • Number of exchange places10
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Higher School of Economics (HSE) blei grunnlagt i 1992 og fekk status som nasjonalt forskingsuniversitet i 2009. HSE er blant dei mest anerkjende og mest internasjonalt orienterte universiteta i Russland og har om lag 40 000 studentar. Universitetet har campusar i fire ulike byar i Russland. Avtala som er inngått for heile UiB gjeld utveksling til St. Petersburg, medan avtala som er inngått av Det juridiske fakultet gjeld utveksling til Moskva.

St. PetersburgÌý±ð±ô±ô±ð°ùÌýSankt PetersburgÌýer den nest største byen i Russland. Byen vart grunnlagt i 1703 og vart hovudstad i Det russiske imperiet i meir enn 200 Ã¥r. Byen har i dag kring 5 millionar innbyggjarar og er eit stort kultursenter i Europa.

St. Petersburg vert ofte skildra som den mest vestlege byen i Russland.ÌýSt. Petersburg er den nordlegaste millionbyen i verda. Det historiske sentrumet i byen er innskrive pÃ¥ verdsarvlista til UNESCO. Som det politiske og kulturelle senteret i Russland i meir enn 200 Ã¥r har byen stundom i Russland vorte kalla «den nordlege hovudstaden». Mange utanlandske konsulat, internasjonale selskap, bankar og andre føretak held til i St. Petersburg. Blant byens mest kjende turistattraksjonar er Eremitasjen, Vinterpalasset, Nevskij prospekt, Oppstodekyrkja og Aleksandr Nevskij-klosteret.

Ìý

Moskva er dagens hovudstad i Russland og utgjer det politiske, økonomiske, kulturelle og vitskaplege sentrumet både i Russland og Aust-Europa. I sentrum av Moskva finn ein Den raude plass som er utgangspunkt for dei breie gatene som går ut i alle retningar. Gjennom sentrum av byen renn Moskvaelva. Blant byens mest kjende bygningar er Vasilijkatedralen, Lenins mausoleum, Kreml og Bolsjojteateret. Metroen i Moskva er eit av verdas travlaste undergrunnssystem, og kjent verda over for å vere punktleg i drift. Mange av metrostasjonane er kunstferdig utsmykka og ei reise med metropen er dermed ei oppleving i seg sjølv.

Accommodation

Universitetet kan tilby studentbustader til sine internasjonale studentar. Det er i hovudsak snakk om dobbeltrom.

Semester duration

September - desember og januar - juni.

Information