Skal finne formelen for politisk uthaldenheit
Med det prestisjetunge Consolidator Grant i lomma vil professor Ragnhild Muriaas få fram i lyset kva som gjer at kvinner forlet politikken raskare enn menn, og kva som får dei til å bli.

Hovedinnhold
– Eg lanserer ein heilt ny måte å forstå kjønnsbalanse i politikken på. Det er ikkje nok å telle så mange menn og så mange kvinner, for vi kan ikkje snakke om balanse i miljø der alle dei gamle ringrevane er menn, medan alle kvinnene er politiske rekruttar. Kjønnsbalanse handlar også om erfaring og uthaldenheit.
Det seier professor i statsvitskap ved Institutt for samanliknande politikk, Ragnhild Muriaas. I dag vart det kjend at ho er ein av berre Ã¥tte forskarar i Noreg som fÃ¥r tildelt det prestisjetunge ´Ú°ùÃ¥ (ERC). Stipendet pÃ¥ to millionar euro gir henne midlar til Ã¥ bygge opp ei forskargruppe over ein periode pÃ¥ fem Ã¥r rundt temaet «sukksessfaktorar for politisk uthaldenheit». SUCCESS er ogsÃ¥ namnet pÃ¥ prosjektet, for ho vil vekk ´Ú°ùÃ¥ eit einsidig søkjelys pÃ¥ det som ekskluderer til faktorar som fører til suksess.
Politisk uthaldenheit avgjer
Folkevalde treng ofte fartstid før dei klarer å representerer veljarane sine effektivt. Når ein skal utforme politikk for saksfelt som pandemiberedskap, klimaendringar, migrasjon og global sikkerheit er det nødvendig å ha erfaring for å få gjennomslag. Kven som held ut i politikken er difor avgjerande for kven som får gjennom sin politikk.
– Kva om det er institusjonelle og strategiske årsaker som gjer at kvinner forsvinn ut av politikken raskare enn menn? Menn blir verande, medan kvinner ser ut til å gå rett inn i ei svingdør, forklarer Muriaas.
I Noreg såg vi sist eit døme på problemstillinga då yngre kvinner i Trøndelag Arbeidarparti fortalde at dei var redde for å varsle om trakassering sidan dei frykta å bli stengde ute.
– Kvinnene måtte ta eit strategisk val for å sikre dei politiske karrierane sine. Skulle dei teie for ikkje å bli utestengde av sentralt plasserte medlemer i partiorganisasjonen, eller kunne dei snakke fordi dei hadde støttespelarar som ville støtte heltemotet deira i nettverka sine eller i folket, spør Muriaas retorisk.
Opnar dører
ERC gir Consolidator Grant til forskarar som har utmerka seg og som dei meiner har hatt ei særskild tyngde i forskinga til no. Muriaas framhevar at tildelinga ´Ú°ùÃ¥ ERC har mykje Ã¥ seie ut over sjølve finansieringa.
– Eit sÃ¥ prestisjefullt stipend er ein døropnar, ikkje berre fordi akademikarar stÃ¥r klare til Ã¥ sleppe til ein person med eit stipend ´Ú°ùÃ¥ ERC, men ogsÃ¥ fordi det gir fagleg sjølvtillit. Eg trur eg vil tore Ã¥ uttrykke meg sjølv enda meir med ein ERC i lomma.
Les vårt profilintervju med Muriaas her: Med politikk som yrke