– Vi har høge ambisjonar mot 2030
Arbeidsgruppa som skal jobbe med UiB sin strategi for 2023-2030 har hatt sitt første ordinære møte. Etter planen vil Universitetsstyret vedta den nye strategien tidleg i 2023.

Hovedinnhold
Hausten 2022 gjekk arbeidet med ny strategi for UiB inn i ein ny fase. Arbeidsgruppa, leia av prorektor Pinar Heggernes, starta sine jamlege møter.ÌýÂ
PÃ¥ agendaen stÃ¥r diskusjon rundt sentrale spørsmÃ¥l om kva for retning UiB skal ta i løpet av den komande strategiperioden. Strategiprosessen er initiert av Universitetsstyret, som ogsÃ¥ har utnemnd arbeidsgruppa. Den bestÃ¥r av dekanane ved alle fakultet, museumsdirektør Kari Loe Hjelle, Peter Hatlebakk (gruppe B), Synnøve Myhre (gruppe C) og Aksel Haukom frÃ¥ Studentparlamentet.Ìý
Universitetsstyret vil i løpet av hausten jamleg ha strategisaker på bordet, fram til strategien er klar til å bli vedtatt tidleg i 2023.
Meir om viktige milepælar her.Ìý
Samla til første møteÂ
– Arbeidsgruppa har fÃ¥tt eit viktig ansvar. Strategien som skal sette kursen for UiB dei neste sju Ã¥ra. Den skal gje retning og ambisjonar for vÃ¥re kollegar og studentar, og kommunisere desse tydeleg og inviterande til omverda, seier prorektor Pinar Heggernes.Ìý
24. august var det møte i arbeidsgruppa. Her møttest arbeidsgruppa for Ã¥ diskutere to sentrale punkt i strategien; UiB sin identitet og verdiar, og ambisjonane for forsking.  Â
– Strategien skal med stoltheit vise kven vi er, vÃ¥re styrkar og vÃ¥r plass i verda. Strategien blir eit viktig verdidokument, seier Heggernes. Â
Inkluderande prosessÂ
For rektoratet er det eit klart siktemÃ¥l at alle ved UiB har eit eigarskap til strategien. Difor er det lagt opp til ein inkluderande og open prosess som starta tidleg i 2022. Â
I løpet av vÃ¥ren besøkte leiinga samtlge institutt ved UiB for Ã¥ bli betre kjent med kjerneaktivitetane til einingane og lære om moglegheiter og utfordringar. Denne hausten er det avdelingane sin tur. Det har ogsÃ¥ vore allmøte for innspel til strategien, og fleire er planlagt i haust. Det neste innspelmøtet vil vere pÃ¥ Sydneshaugen skule 12. september, og ha Mangfald som tema. Â
Arbeidsgruppa vil ogsÃ¥ ha møte med fakulteta om strategiarbeidet. I tillegg vil alle kollegaer og studentar ved UiB bli inviterte til eit informasjons- og dialogmøte i november. I desember vil strategi bli tema pÃ¥ UiB sin Ã¥rlege leiarkonferanse. Universitetsstyret vil i løpet av hausten behandle tre løypemeldingar om strategiarbeidet. Det er ogsÃ¥ lagt opp til dialogmøte med eksterne interessentar. Â
Glade for innspel Heggernes  vil gjerne oppmode alle om Ã¥ bidra til strategiarbeidet gjennom Ã¥ delta pÃ¥ dei planlagde møta eller sende sine innspel til strategi@uib.no.Ìý
– Vi opplever stort engasjement i strategiprosessen og eg vil rette ei stor takk til alle som har gitt innspel. Vi ønsker brei involvering frÃ¥ kollegaer og studentar, og set pris pÃ¥ alle innspel, seier Heggernes.Ìý
Vil du ta del i strategiarbeidet?  Â
Send inn ditt bidrag til strategi@uib.no