´óÏó´«Ã½

Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
RESSURSSIDE

Etablering og utvikling av praksis

Polyfon arbeider for at tilgangen til gode og forskingsinformerte musikkterapitilbod skal auke og verte meir likeverdig i heile landet. På denne ressurssida gir vi råd om etablering av praksis og om kvalitetssikring og forsking for vidare utvikling av praksis.

Samtale om idear skrivne ned på gule lappar
Etablering og utvikling av praksis er ein viktig del av Polyfon-samarbeidet.
Foto/ill.:
UX Indonesia på Unsplash

Hovedinnhold

Etablering av praksis handlar m.a. om at kunnskap blir tatt i bruk. Samstundes kan det vere startskotet for utvikling gjennom kvalitetssikring og forsking. Her gir vi difor informasjon om både etablering av praksis og vidare utvikling av praksis. Gje oss gjerne innspel til korleis vi kan vidareutvike denne ressurssida.

Grunnlaget

Musikkterapipraksis kan springe ut av internasjonal forsking og nasjonale føringar, av lokale behov og initiativ, og (som oftat) av ein kombinasjon av desse.Ìý  

  • Internasjonal forsking og nasjonale føringar: Forsking og nasjonale retningslinjer bidreg til Ã¥ setje systematisk implementering av musikkterapi pÃ¥ kartet. SjÃ¥ Polyfons kunnskapsbeskrivingar for ei oversikt.Ìý
  • Lokale behov og initiativ: Ei lokal vurdering av korleis musikkterapi kan bidra til Ã¥ løyse utfordringar i tilbod og tenester speler ofte inn. Som eit eksempel pÃ¥ ei slik lokal vurdering som ogsÃ¥ byggjer pÃ¥ internasjonal forsking og nasjonale føringar, sjÃ¥ .

Kanskje har ein behov for meir informasjon om musikkterapeutisk praksis før ein tar initiativ til Ã¥ etablere praksis. brukast av dei fleste helseføretaka som tilbyr musikkterapi og gjev ei enkel beskriving av musikkterapeutisk praksis. Ei anna kjelde til informasjon er . Desse gjev eit innblikk i kva musikkterapi kan vere og bety.Ìý

Korleis kome i gong?

Kunnskapsgrunnlaget, nasjonale føringar og brukarane og brukarorganisasjonane sitt engasjement tilseier at tilbod og tenester innan musikkterapi i kommunar og helseføretak vil verte mykje meir vanleg enn det har vore. Her er tre eksempel på vegar ein kan gå for oppretting av musikkterapeutstillingar:

  • Innanfor etablerte budsjettrammer: Med utgangspunkt i eksisterande kunnskapsgrunnlag og nasjonale tilrÃ¥dingar har fleire kommunar og helseføretak prioritert musikkterapeutstillingar som ein integrert del av det tilbodet og dei tenestene dei gjev. Det er t.d. slik .
  • Gjennom solid planforankring: BÃ¥de kommunar og helseføretak kan i tillegg velje Ã¥ forankre musikkterapitenester og -tilbod i aktuelt planverk. Det kan vere meir tidkrevjande enn "berre Ã¥ setje i gong", men kan sikre at tenestene og tilboda vert meir robuste og fagleg integrerte. Dette er t.d. slik Bergen kommune har bygd opp musikkterapeutstillingar innan Barne- og familiehjelpen.
  • Gjennom prosjektutvikling: Trass i internasjonal forsking, nasjonale føringar og lokale behov og initiativ, kan ein i somme tilfelle oppleve etablering av musikkterapitilbod og -tenester som noko nytt og innovativt. DÃ¥ kan det vere tenleg Ã¥ prøve Ã¥ skaffe prosjektfinansiering i ein startfase, som grunnlag for framtidig prioritering og planforankring.ÌýHelsedirektoratet, KS, Statsforvalteren, Stiftelsen Dam og en rekke fond og stiftingar er aktuelle finansieringskjelder i slike tilfelle. Mange kommunar og helseføretak vil ha eigne personar eller avdelingar som arbeider med prosjektutvikling. Klyngedeltakarar kan søkje Polyfon om rÃ¥d, støtte og eventuell deltaking i slike prosessar.               

Fagleg støtte til etablering av praksis

Nokre ressursar som kan vere til hjelp ved etablering av praksis:

Polyfons rådgjeving ved etablering av musikkterapipraksis

Alle klyngedeltakarar kan ved behov få rådgjeving og støtte frå klyngas sekretariat ved etablering av praksis. Potensielle klyngedeltakarar er også velkomne til å ta kontakt.

I samarbeid med med Creo, CREMAH og GAMUT, har Polyfon også utarbeidd nokre heilt .

Etableringshandbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetenester

Etableringshandboka gjev konkret og praktisk informasjon om forankring og implementering av musikkterapi i helsetenestene:

Kielland, T., Solli, H. P., & Trondalen, G. (2020).Ìý. Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH). Norges musikkhøgskole.

Studentar som ressurs i utvikling av praksis

Musikkterapistudentar ved Noregs musikkhøgskole og/eller Griegakademiet (UiB) kan vere ressursar i utvikling av praksis, dersom det vert lagt til rette på ein god måte, med rom for studentanes læringsprosess (sjå Polyfons lenkesamling for kontaktinfo). Nokre eksempel på ulike måtar studentar kan involverast på:

  • Studentar kan i samarbeid med tenestene og anten forskingssenteret CREMAH eller GAMUT søkje om eit Polyfon sommarstipend for ei brukarundersøking eller ei anna undersøking som kan byggje føresetnader for utvikling av praksis.
  • Studentar kan skrive masteroppgÃ¥va si i samarbeid med tenestene og (som regel) CREMAH eller GAMUT
  • Delar av ein musikkterapistudent sin praksis kan ogsÃ¥ knytast til tenesteutvikling i ein kommune eller eit helseføretak       

Brukar- og pårørandemedverknad

Polyfon oppmodar sterkt til å ta i bruk erfaringskompetanse i utforming, gjennomføring og evaluering av praksisar innan musikkterapi / musikk og helse. Det er lovfesta og det sikrar både kvalitet i og relevans av tenester.

Kunnskapsklyngas koordinator har, i samråd med klyngas Erfaringspanel, utarbeidd ein rettleiar for brukar- og pårørandemedverknad i utvikling av praksis. Her finn du:

  • Konkrete rÃ¥d frÃ¥ Polyfons Erfaringspanel
  • Informasjon om brukar- og pÃ¥rørandemedverknad som lovfesta rett
  • Aktuelle kurs og utdanningstilbod
  • Relevant litteratur
  • Lenker til nettsider
  • RÃ¥d om satsar for godtgjersle ved brukar- og pÃ¥rørandemedverknad

Kvalitetssikring

Kvalitetssikring handlar om å evaluere musikkterapitilboda, for å sikre at dei gjev forventa resultat.

Brukarundersøkingar er ein viktig del av dette.Ìý

Rusfeltets hovudorganisasjon har samla lenker til fleire .Ìý

Forsking for utvikling av praksis

Nedanfor gjev vi døme på kvalitative studiar av implementering og praksisutvikling, med større eller mindre innslag av samskaping der både erfaringskompetanse og fagkompetanse inngår. I framtida vil det vere tenleg både å vidareutvikle denne type forsking og å supplere med kvantitativ implementeringsforsking.

Kristiansen, F. A., Stige, B. & Helle-Valle, A. (2023). .ÌýVoices: A World Forum for Music Therapy,Ìý23(2).Ìý

Rolvsjord, R. (2018).Ìý. American Journal of Psychiatric Rehabilitation, 21(1-2).Ìý

Tuastad, L.,ÌýJohansen,ÌýB., Østerholt, A.L.,ÌýNielsen, I.Ìý& Hansen McIvor, D.S.Ìý(2023).Ìý,ÌýNordic Journal of Music Therapy,Ìý32(2),Ìý121-139.Ìý

Ødegaard, C., Engebretsen, I., Veseth, M., Blindheim, A. & Stige, B. (2022).Ìý. Nordic Journal of Music Therapy, 32(3),Ìý241-259.Ìý

Har du ein prosjektidé?

Polyfon gjev støtte til studiar av implementering, inkludert studiar som veks ut av kvalitetssikring og brukarundersøkingar. Dei to mest relevante støtteordningane er sommarstipend og forskingsstøtte:

Polyfon lyser ut sommarstipend for klyngas musikkterapistudentar kvart Ã¥r, med søknadsfrist 1. februar.Ìý

Tilsette hjå Polyfons klyngedeltakar kan søkje om forskingsstøtte. Årlege søknadsfristar er 1. februar og 1. oktober.

Føredrag under Polyfon-konferansen 2023

Polyfon-konferansen er ein viktig arena for erfaringsdeling og kunnskapsformidling. Her ser vi Merethe Wolf Lindvall (musikkterapeut ved Barne- og ungdomsklinikken, Haukeland universitetessjukehus) og Silja Torvik Griffiths (overlege ved nevrologisk seksjon, Haukeland universitetssjukehus) under 2023-konferansen. Begge er del av leiarteamet for eit nytt palliativt team for barn og unge.

Foto/ill.:
Julie Amilien Simon, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi (UiB)