Utfyllande regler til Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen - Fakultet for naturvitskap og teknologi
Hovedinnhold
Utfyllende reglementet utfyller . Ein må sjå dei utfyllande reglane i samanheng med desse forskriftene.
Dei utfyllande reglane er sist revidert og gjelder frÃ¥ 01.01.2025.Ìý
Kapittel 1. Føremål og verkeområde
Utfyllande regler til §1-3
Endringar i utfyllande regler skal vedtakast i fakultetsstyret. Dekanen kan vedta mindreÌý endringar i desse utfyllande reglane. Slike mindre endringar kan berre gjerast etter høyring hos institutta. Dekanen skal rapportere slike endringar til fakultetsstyret.
Kapittel 2. Organisering av studia
Utfyllande regler til §2-3 (2) i)
I tillegg må det i emneskildringa stå:
•ÌýÌý ÌýRangeringsreglar for undervisingsopptak til emne jf. Utfyllande reglar til §6-5(4).Ìý
•ÌýÌý ÌýAvgrensing i tilgang til rettleiing eller undervising for studentar som tidlegare har delteke i emnet
Utfyllande regler til §2-3 (3)
Ved fakultetet har alle emne på 100- og 200-nivå normalt eit omfang av 10 studiepoeng. Emne på 300-nivå er normalt på 5, 10 og 15 studiepoeng.
Kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne
Utfyllande regler til §3-1 (4)
Endringar i studieprogram og innhald i emne som fakultetet skal vedta skal handsamast i programstyret for Ã¥ sikre samanheng mellom innhald i emne og studieprogram, og det samla læringsutbytet pÃ¥ programmet.Ìý
Utfyllande regler til §3-1 (6)
a)ÌýÌý ÌýAlle studieplanendringar skal meldast til fakultetet innan fastsett frist. Institutta er ansvarleg for Ã¥ varsle alle aktuelle institutt i forkant av endringar.
b)ÌýÌý ÌýInstituttet skal varsle studentane om endringar i emnetilbod og andre vesentlege endringar i studieplanen for det aktuelle studieprogrammet etter at dei er vedteke.Ìý
Utfyllande regler til §3-1 (7)
Instituttet kan sjølv vedta redaksjonelle endringar i emne og studieprogram etter fakultetet sine retningsliner.
Kapittel 4. Studierett
Utfyllande regler til § 4-1 (1)
Fakultetet kan gje avslag pÃ¥ søknad om nytt opptak til eit masterprogram dersom studenten sine rettleiingsressursar pÃ¥ studieprogrammet er uttømde.Ìý
Utfyllande regler til §4-2(2)
Fakultetet har ulike kortvarige studierettar det kan søkast om. I dei tilfella der det er krav om realfag skal dette stå i retningslinene.
(1)ÌýÌý ÌýStudentar med oppnÃ¥dd grad ved fakultetet kan søkje om poststudierett. Det er ulike reglar for tildeling etter bachelorgrad, mastergrad og ph.d:
a.ÌýÌý ÌýPoststudierett etter fullført bachelorgrad mÃ¥ søkjast om innan frist for pÃ¥følgjande semester etter oppnÃ¥dd grad og vert innvilga til og med pÃ¥følgande vÃ¥rsemester. Studieretten kan ikkje forlengast.
b.ÌýÌý ÌýPoststudierett etter fullført mastergrad og ph.d søkjast om eitt semester om gangen, og kan bli forlenga ved Ã¥ søkje nytt opptak om poststudierett.
(2)ÌýÌý ÌýStudierett for tilsette vert innvilga for tilsette ved UiB og samarbeidsorganisasjonar. Det er dokumentasjonskrav om realfag og stadfesting frÃ¥ næraste leiar. Studierett vert tildelt for eitt semester om gongen.
(3)ÌýÌý ÌýLærarstudierett vert innvilga for fast tilsette lærarar i skulen. Det er dokumentasjonskrav om realfag og stadfesting frÃ¥ næraste leiar. Studierett innvilgast for eitt semester om gongen.
(4)ÌýÌý ÌýMellombels studierett kan verte innvilga for studentar ved andre fakultet. Det er dokumentasjonskrav om realfag. Studierett vert innvilga for eitt semester om gangen.
(5)ÌýÌý ÌýKandidatar pÃ¥ ph.d.-program ved andre norske institusjonar kan ta emne som ekstern hospitant. Ekstern hospitering pÃ¥ bachelor- og masternivÃ¥ vert innvilga berre i særskilte høve der det føreligg avtale med eit anna universitet eller høgskule om dette. Ei slik avtale kan lagast bÃ¥de pÃ¥ institusjons- og personnivÃ¥.
(6)ÌýÌý ÌýStudierett for elevar kan verte innvilga etter søknad. Det er eigne dokumentasjonskrav avhengig av emne. Studierett vert innvilga for eitt semester om gongen.
Utfyllande regler til §4-3 (1)
Studentar er pliktig å setje seg inn i reglane som gjeld for hjelpemiddel ved eksamen og for kjeldebruk og sitering. Brot på reglande kan føre til mistanke om fusk eller forsøk på fusk.
Utfyllande regler til §4-3(2) b)Ìý
Fakultetet har undervisingsopptak og eigen frist for emnepåmelding. Søknadsfrist for emne er onsdag i veke 2 i vårsemesteret og onsdag i veke 33 i haustsemesteret. Sjå og utfyllande reglar til §6-5(4).
Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær
Utfyllande regler til 5-1 (2)Ìý
Bachelorprogram og dei tre første åra av femårige integrerte masterprogram
Deltidsstudium
Deltidsstudium kan innvilgast etter grunngjeven og dokumentert søknad til instituttet. Deltidsstudium kan innvilgast på bakgrunn av vilkår i Forskrift for studium §5-2 om permisjon. Det krevst skriftleg dokumentasjon. Instituttet avgjer om søknaden kan innvilgast.
Toårige masterprogram og dei to siste åra av femårige integrerte masterprogram
Permisjon
Studentar har rett til permisjon jf. Forskrift for studium §5-2, med tilhøyrande krav om dokumentasjon.
a) Ved permisjon etter inngått rettleiingsavtale skal rettleiingsavtalen endrast tilsvarande. Søknad om permisjon etter innlevert rettleiingsavtale skal alltid signerast av rettleiar.
b) Ved permisjon lengre enn eitt år for 60 studiepoengs oppgåver og lengre enn eit halvt år for 30 studiepoengs oppgåver kan programstyret i samråd med rettleiar vurdere om det skal gjevast ei ny oppgåve.
c) Ved permisjon vil det ikkje gjevast rettleiing i arbeidet med masteroppgåva.
Deltidsstudium
Deltidsstudium med minimum 50% studieprogresjon kan innvilgast etter grunngjeven og dokumentert søknad til programstyret. Deltidsstudium kan innvilgast på bakgrunn av anna arbeid eller vilkår i Forskrift for studium §5-2 om permisjon. Det krevst skriftleg dokumentasjon. Programstyret avgjer om søknaden kan innvilgast.
Deltidsstudium for heile masterstudiet kan berre innvilgast ved val av 60 studiepoengs oppgåve. Ved 30 studiepoengs oppgåve kan deltid normalt berre innvilgast for den øvrige delen av studiet og før oppstart av masteroppgåva.
Utsett studiestart
For toårige masterprogram blir utsett studiestart normalt innvilga berre på bakgrunn av innkalling til militærteneste, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande grunnar.
Pause
Jf. UiB Forskrift for studium § 5-3 (3) kan studentar på toårige masterprogram ikkje få innvilga pause. Med mindre noko anna er regulert i studieplanen for det aktuelle studieprogrammet, er det ikkje mogleg å søkje om pause dei fire siste semestra på integrerte masterprogram.
Utfyllande regler til 5-3 (3)Ìý
Med mindre noko anna er regulert i studieplanen for det aktuelle studieprogrammet er det ikkje mogleg å søke om pause frå studieprogrammet
a)ÌýÌý Ìýdei fire siste semestera pÃ¥ integrerte masterprogram
Utfyllande regler til §5-6 (1)
Undervisingsaktivitet som inneber praksis, feltkurs, tokt,Ìýlaboratorieundervisning o.l. er som regel ikkje praktisk moglege Ã¥ gjennomføre same semester, og kan som hovudregel ikkje gjennomførast pÃ¥ nytt same semester.
Kapittel 6. Undervisinga
Utfyllande regler til §6-1 (7)Ìý
Eksamens- eller innleveringsdato for andre eksamensformar enn skriftleg skuleeksamen vert fastsett av institutta.
1.ÌýÌý ÌýEksamens- eller innleveringsdatoar kunngjerast seinast ein mÃ¥nad før eksamensdato eller innleveringsfrist.
2.ÌýÌý ÌýVed munnleg eksamen kunngjerast individuell dato og tidspunkt seinast 14 dagar før eksamen.
Utfyllande regler til $6-2
Emneansvarleg skal vere tilsett som professor, førsteamanuensis eller universitetslektor (inkludert II-stillingar). Emneansvarleg har overordna ansvar for utvikling og gjennomføring av emnet, og skal sørgje for god fagleg og pedagogisk kvalitet, jf. UiBs kvalitetssystem for utdanning. Undervisning og vurdering i emnet kan gjennomførast av andre undervisararar i samarbeid med emneansvarleg.
Utfyllande regler til §6-4
Studieprogram kanÌý ha undervisning pÃ¥ engelsk i ein del av emna, til dømes fordi læringsutbytteskildringa pÃ¥ eit program visar at studentane skal lære seg engelsk fagsprÃ¥k eller fordi emna skal undervisast til internasjonale studentar. Unntak pÃ¥ emne krev fagleg grunngiving og mÃ¥ vere i trÃ¥d med universitetet sine sprÃ¥kpolitiske retningslinjer.
Utfyllande regler til §6-5 (4)
Rangeringsreglar for undervisingsopptak til emne skal gå fram i emneskildringa. Dersom ikkje anna er oppgitt, rangerast opptak etter gjeldande prinsipp.
Utfyllande regler til §6-5 (5)Ìý
Fakultetet kan i emneskildringa angi at studentar som:Ìý
•ÌýÌý Ìýhar gyldige og godkjente obligatoriske aktivitetar ikkje skal kunne ta dei pÃ¥ nytt
•ÌýÌý Ìýhar bestÃ¥tt resultat i eit emne ikkje har rett til Ã¥ delta i undervising i emnet, fÃ¥ rettleiing, eller skal ha eit redusert rettleiingstilbod.Ìý
Utfyllande regler til §6-7 (2)
Bachelorprosjekt:
Form og omfang av rettleiing for bachelorprosjekt skal vere definert i studieplan og emneskildringa.
Masterprosjekt:
Heiltidsstudentar har rett til 40 rettleiingstimar i løpet av eit 2-årig masterprogram eller masterdelen av eit 5-årig masterprogram. Form og omfang av rettleiing for masterprosjekt skal vere definert i eigen rettleiingsavtale.
Studentar tatt opp pÃ¥ 2- Ã¥rige og 5-Ã¥rige masterprogram skal inngÃ¥ ein rettleiingskontrakt med instituttet. I denne skal det stÃ¥ samansetning av rettleiingskomité, innhald i det teoretiske pensum, planlagt studieprogresjon og tidsfrist for innlevering. Ein framdriftsplan og prosjektskildring skal inngÃ¥ i avtala.Ìý
Dersom ein student ved opptak til 2-årig masterprogram eller i masterdelen av 5-årig masterprogram får godkjent allereie avlagde emne som del av mastergradspensumet, skal studiet forkortast. Dersom ein student får innvilga periodar med deltid eller permisjon i løpet av masterstudiet, skal studiet forlengast. Fakultetet har eigne retningsliner for forlenging og forkorting.
²Ñ²¹²õ³Ù±ð°ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹²¹Ìý
Masteroppgåva skal vere tidsavgrensa. Tidsavgrensinga skal vere i samsvar med masteroppgåva sitt arbeidsomfang (tal på studiepoeng). Masteroppgåver på 30 og 60 studiepoeng svarer til eit arbeidsomfang på høvesvis 20 og 40 veker.
¹ó´Ç°ù±ô±ð²Ô²µ¾±²Ô²µÌý
Etter innlevering av rettleiingsavtale/masteravtale kan det søkjast om forlenging på visse grunnlag.
a) Fråvær som definert i § 5-2 Permisjon og § 5-5 Gyldig fråvær, med tilhøyrande krav om dokumentasjon, gir rett til forlenging.
b) Fråvær må vere av eit omfang på minst 14 dagar før tida blir forlenga (spreidde enkelt dagar blir normalt ikkje summert).
Etter innlevering av rettleiingsavtale kan innleveringsfrist i tillegg forlengast etter søknad til programstyret på grunnlag av c.-e. Søknad om utsett innlevering skal avklarast med rettleiar og leverast så snart som mogleg, og seinast 2 månader før innleveringsfrist. Det kan søkjast om forlenging maks tre gonger, men til saman ikkje meir enn 6 månader.
c) Uventa problem med masterprosjektet som skuldast forhold utanfor studentens kontroll.
d)ÌýFaglege grunnar, til dømes ved engasjement i fagleg relevant arbeid, prosjekt, utanlandsopphald (utanom organisert utveksling) eller fagleg relevante studiar utanom programmet. Det kan bli gitt ei utsetjing pÃ¥ inntil 3 mÃ¥nader..
e) Arbeid som undervisningsassistent. Undervisninga må vere av eit samla omfang på minst 1 månad (20 arbeidsdagar) før tida blir forlenga. Omfanget av forlenginga blir rekna på grunnlag av lønnsmodellen for undervisningsassistanse. Det kan bli gittei forlenging på inntil 3 månader grunna undervisning.
Det krevst skriftleg dokumentasjon eller utgreiing, og ein plan for fullføring ved søknad om forlenging. Alle søknader om utsetjing av innlevering skal signerast av både student og rettleiar. Ein slik søknad føreset at student og rettleiar er einige om rettleiingsforma fram til den nye fristen. Programstyret kan innvilge eller avslå søknaden. Om naudsynt kan programstyret kalle inn til ein samtale mellom student, rettleiar og ein representant frå programstyret.
Kapittel 7. Eksamen
Utfyllande regler til §7-2 (1)
(1) Tidleg eksamen skal som hovudregel ha same eksamensform som avsluttande eksamen i semester med undervising. Det skal stÃ¥ i emneskildringa dersom emnet har undervisings- og vurderingsform som gjer at det ikkje er mogleg med same vurderingsform i begge semestera.Ìý
Utfyllande regler til §7-2 (4)
Ei masteroppgåve skal avsluttast med munnleg mastergradseksamen. Eksamen i heile masterpensumet må vere fullført og bestått før avsluttande mastergradseksamen. Denne eksamen består av ein offentleg presentasjon på minimum 30 minuttar der studenten sjølv gir ei oversikt over oppgåva. Det skal vere satt ein tentativ karakter på oppgåva før presentasjonen. Etter presentasjonen følgjer ein munnleg eksaminasjon/samtale om oppgåva med ekstern sensor, intern sensor og rettleiarar. Presentasjonen kan saman med den påfølgjande munnlege eksaminasjonen vere justerande på den endelege karakteren på oppgåva.
Utfyllande regler til §7-2 (2-5)
(1)ÌýÌý Ved gyldig frÃ¥vær kan delar av eksamen/mappe gÃ¥ ut, og total karakter vert rekna ut frÃ¥ resten av dei resterande delane. Maksimal del som kan gÃ¥ ut er 30%. FrÃ¥været vurderast individuelt, og læringsutbytet i emnet mÃ¥ vere oppnÃ¥dd.
(2)ÌýÌý ÌýKarakter frÃ¥ deleksamen eller poeng frÃ¥ del av mappe gjeld normalt i eitt pÃ¥følgjande semester, og kan inngÃ¥ i endeleg karakter.
(3)ÌýÌý ÌýEndeleg karakter i semester utan undervising vert fastsett normalt ut frÃ¥ tidleg eksamen i semester utan undervising/kontinuasjonseksamen og tidlegare resultat i deleksamen/mappe frÃ¥ semesteret med undervising
(4)ÌýÌý ÌýFakultetet kan vedta unntak frÃ¥ (1)-(3) og desse mÃ¥ nemnast i emneskildringa.
Utfyllande regler til §7-3 (3)Ìý
(1)ÌýÌý ÌýDet er eit vilkÃ¥r for Ã¥ kunne ta eksamen og fÃ¥ sensur at eksamensavgift er betalt.
Utfyllande regler til §7-4 (1) c)
Tillate hjelpemiddel skal vere angitt for kvart enkelt emne i emneskildringa.Ìý
Om kalkulator er tillaten gjeld følgande:
(1)ÌýÌý ÌýEnkel kalkulator: Ikkje-programmerbar kalkulator utan høve til sending/mottak, tilkopling til straumnett eller som avgjer støy.
(2)ÌýÌý ÌýAlle kalkulatorar: Alle typar kalkulatorar utan sending/mottak, tilkopling til straumnett eller som avgjer støy
Dersom ikkje anna er angitt i emneskildringa, er bruk av ikkje-ensyklopediske ordbøker tillaten på skriftleg skuleeksamen. Ordbøkene må være kontrollerbare, dvs. på engelsk eller skandinavisk språk.
Utfyllande regler til $7-7
For obligatoriske emner som undervisast på engelsk i bachelorgraden er det ved fakultetet eit krav til at eksamensoppgåver og skal gis på norsk, og at besvarelsen kan skrivast på norsk i tillegg til engelsk, Dette skal og framgå i emneskildringa.
Utfyllande regler til §7-8 (2)
Når eit emne er lagt ned skal det normalt haldast eksamen i emnet i to påfølgande semester.
Kapittel 8. Eksamensforsøk
Ìý
Utfyllande regler til §8-1 (2)
Dersom ei masteroppgåve får karakteren F (stryk) og sensorane vurderer einstemmig at karakteren ikkje kan justerast opp ved munnleg mastergradseksamen (presentasjon og eksaminasjon), skal kandidaten ikkje få tilgang til avsluttande presentasjon av oppgåva.
Ei masteroppgåve med karakteren F kan jf. §8-1 i UiB sin studieforskrift leverast på nytt éin gong. Ei masteroppgåve med bestått resultat kan ikkje leverast på nytt. Frist for ny innlevering er innan 6 veker for oppgåve på 30 studiepoeng og innan 3 månader for oppgåve på 60 studiepoeng.
Dersom ei masteroppgÃ¥ve vurderast til F og den ikkje blir levert pÃ¥ nytt i omarbeidd form innan fristen, eller dersom oppgÃ¥va i revidert form framleis blir vurdert til F, vil studieretten bli inndratt og det mÃ¥ søkjast om opptak til masterprogram pÃ¥ nytt. ÌýVed nytt opptak mÃ¥ studenten gjennomføre ei oppgÃ¥ve som er fagleg forskjellig frÃ¥ den opphavlege oppgÃ¥va.
Dersom ei masteroppgåve ikkje blir levert innan fristens utløp og det ikkje ligg føre innvilga søknad om utsett frist, vil studieretten bli inndratt. Studenten må då søkje opptak til masterprogram på nytt. Ved nytt opptak må studenten gjennomføre ei oppgåve som er fagleg forskjellig frå den oppgåva som ikkje blei levert.
Utfyllande regler til §8-1 (4) aÌý
(1)Ìý Det skal etter søknad verte gitt eitt ekstra eksamensforsøk viss alle tre kriterium er oppfylt:
- Emnet er ikkje bestått
- Tre teljande forsøk er brukt
- Emnet er obligatorisk i graden eller valbart obligatorisk
(2) Innvilga søknad er gyldig i eitt semester om gongen
(3) Det er ikkje høve til å ta eksamen i eit emne fleire enn fire teljande eksamensforsøk.
Utfyllande regler til §8-4 (1)Ìý
(1)ÌýÌý ÌýFor emne der skriftleg saleksamen eller munnleg eksamen inngÃ¥r i vurderingsgrunnlaget skal det normalt haldast ein ordinær eksamen kvart semester.Ìý
(2)ÌýÌý ÌýI semester utan undervising i eit emne arrangerast eksamen tidleg i semesteret.Ìý
(3)ÌýÌý ÌýUregelmessige emne har eksamen berre i det pÃ¥følgande semesteret etter at dei er undervist. Ìý
(4)ÌýÌý ÌýEksamen tidleg i semester utan undervising er normalt ordinær, og er open for alle studentar med gyldige obligatoriske aktivitetar.
Kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk
Utfyllande regler til §9-5 (1)
Sensurfrist på emne med sein eksamen er 30. juni i vårsemesteret og 10. januar i haustsemesteret, sjølv om dette er mindre enn femten verkedagar etter eksamen.
Utfyllande regler til § 9-8 (1)Ìý
Forvaltningslova si føresegn om habilitet (§6) gjeld ved sensur. For masteroppgÃ¥ver skal sensor ikkje:Ìý
- vere i nær relasjon til masterkandidat, rettleiar eller medsensor
- ha tett fagleg samarbeid dei siste tre år med masterkandidat, rettleiar eller medsensor
- kjenne til andre forhold som kan svekke habiliteten i vurderinga
Kapittel 10. Grader
Utfyllande regler til §10-3 (1) bÌý
Det kjem fram av bachelorprogrammet sin studieplan kva for emne eller emnedelar som utgjer det sjølvstendige arbeidet på minst 10 studiepoeng.
Utfyllande regler til §10-3
I bachelorgraden kan det inngå emne på 100- og 200-nivå. Normalt kan inntil 10 studiepoeng på 300-nivå (masternivå) frå UiB inngå i bachelorgraden. Inntil 20 studiepoeng på 300-nivå kan inngå etter søknad. Enkelte eksterne emne på masternivå kan etter individuell søknad inngå i bachelorgraden.
For å oppnå ein bachelorgrad er det krav om minst eitt emne i matematikk og eitt emne i programmering i graden, normalt med eit omfang på 10 studiepoeng kvar. Dette er i tillegg til dei generelle krava til en bachelorgrad. Krava skal fastsettast i studieplanen.
Utfyllande regler til § 10-4 (1)
Emne pÃ¥ 100-nivÃ¥ kan normalt ikkje inngÃ¥ i mastergraden. Inntil 10 studiepoeng pÃ¥ 100-nivÃ¥ kan inngÃ¥ etter søknad.Ìý
Godskriving av formidling: Inntil 5 studiepoeng kan verte gitt for formidling i masterstudiet.Ìý
Aktivitetar som kan verte kreditert er:Ìý
•ÌýÌý ÌýKurs i kunnskapsformidling
•ÌýÌý ÌýDeltaking pÃ¥ internasjonale konferansar med presentasjon av resultata frÃ¥ eigen masteroppgÃ¥ve. Det vert gitt 2 studiepoeng for presentasjon ved internasjonal konferanse. Det vert berre gitt studiepoeng for éin slik presentasjon.
•ÌýÌý ÌýPopulærvitskapeleg bidrag innan eiga felt. Det gis inntil 2 studiepoeng pr bidrag, og maksimalt 2 studiepoeng.
Antal studiepoeng vert rekna frÃ¥ ECTS-standard.Ìý
Utfyllande regler til § 10-4 (3)
Masteroppgåva har normalt eit omfang på 60 studiepoeng. Det skal kome fram av studieplanen om eit studieprogram tilbyr masteroppgåver på 30 studiepoeng.
Ved fellesarbeid kan 2 til 3 studentar kan samarbeide om Ã¥ skrive ei masteroppgÃ¥ve.Ìý
a.ÌýÌý ÌýAvtale om fellesarbeid gjeld berre ved val av masteroppgÃ¥ve pÃ¥ 60 studiepoeng. For studentar pÃ¥ lektorprogrammet kan avtale om fellesarbeid verte inngÃ¥tt for masteroppgÃ¥ver pÃ¥ 30 studiepoeng.
b.ÌýÌý ÌýVed felles masteroppgÃ¥ve skal arbeidsomfanget for den enkelte svare til omfanget for ei oppgÃ¥ve som er skrive individuelt. Større arbeidsomfang i fellesarbeid kan til dømes innebere større materialomfang eller meir omfattande analyse. Ìý
c.ÌýÌý ÌýFellesarbeid skal kome fram i prosjektskissa som skal godkjennast i programstyret, og kome fram i masteravtala.
d.ÌýÌý ÌýVed fellesarbeid skal det likevel vere individuell evaluering for Ã¥ kunne gi kandidatane individuell karakter. Det skal i ei erklæring frÃ¥ hovudrettleiar kome tydeleg fram korleis samarbeidet er gjennomført, og det individuelle bidraget mÃ¥ identifiserast. Det skal vere same sensurkomité som sensurerer masteroppgÃ¥va.Ìý
e.ÌýÌý ÌýMasteroppgÃ¥va vert i heilskap vurdert som eit felles arbeid, og begge studentane skal kunne gjere greie for alle delar av oppgÃ¥va. Studentane kan ha felles presentasjon av oppgÃ¥va der begge bidreg likeverdig. Munnleg eksamen vert gjennomført individuelt.
f.ÌýÌý ÌýVed innlevering av masteroppgÃ¥va skal studentane legge ved ei kort utgreiing frÃ¥ rettleiar.Denne mÃ¥ innehalde informasjon om den enkelte studenten sin sjølvstendige innsats, kva delar av forskingsarbeidet og oppgÃ¥va som er individuelle, og kva delar som er felles. Informasjon om at dette er fellesarbeid skal ogsÃ¥ opplysast om i sjølve masteroppgÃ¥va.Ìý
g.ÌýÌý ÌýVed fellesarbeider har rettleiarar eit spesielt ansvar om Ã¥ opplyse om retningslinja. Rettleiarane skal medverke til at kvar student fÃ¥r best mogleg fagleg læringsutbyte av fellesarbeidet, og halde tilstrekkeleg kontakt med studentane til Ã¥ kunne vurdere kvar student sin individuelle innsats i arbeidet.
h.ÌýÌý ÌýSøknader om utsett innlevering eller klage pÃ¥ karakter skal handsamast individuelt.
Utfyllande regler til § 10-4 (4)
For Ã¥ oppnÃ¥ ein integrert mastergrad er det krav om minst eitt emne i matematikk og eitt emne i programmering i graden, normalt med et omfang pÃ¥ 10 studiepoeng. ÌýDette er i tillegg til dei generelle krava til ein mastergrad. Krava skal fastsetjast i studieplanen.
Kapittel 11. Gradsnamn
Ingen utfyllande regler.
Kapittel 12. Vitnemål mv.
Utfyllande regler til § 12-1
Digitalt vitnemål skrivast normalt ut éin gong. Forbetring av karakter i eit emne etter oppnådd grad gjer ikkje grunnlag for nytt vitnemål.
Kapittel 13. Overgangsregel og ikraftsetjing
Ingen utfyllande regler.