Strategi for Det juridiske fakultet 2023 - 2030
Det juridiske fakultetet si strategiplan for forskning, utdanning, formidling og organisasjonsutvikling 2023 - 2030 (vedtatt av fakultetsstyret 13.06.2023).

Hovedinnhold
Rettsvitskap i front
Det juridiske fakultet skal mot 2030 styrke sin posisjon som eit rettsvitskapleg kunnskapssentrum. Fakultetet skal bygge vidare på forskingsmiljøa vi har utvikla for å utdanne juristar som kan ta rettssamfunnet vidare.
Rettssystemet er ein avgjerande infrastruktur for eit demokratisk samfunn tufta pÃ¥ menneskerettane. Ei hovudoppgÃ¥ve for rettsvitskapen er Ã¥ utforske og analysere dei reglane som er vedtekne. Ei anna hovudoppgÃ¥ve er Ã¥ utvikle rettssystemet for Ã¥ kunne møte framtidige utfordringar. Dette mÃ¥ skje med grunnlag i ein sterk fagleg-kritisk kultur og dialog med andre vitskapsdisiplinar. Med aktivt og engasjert internasjonalt forskingssamarbeid skal vi fremje vilje, evne og mot til Ã¥ gÃ¥ i front for nye perspektiv og rettslege løysingar pÃ¥ problem og konfliktar som oppstÃ¥r i tida.Ìý
ÌýDen sentrale rolla juristane har i samfunnet, og den makta dei utøver, gjer det viktig Ã¥ arbeide mÃ¥lretta for rekruttering av studentar og forskarar med ulike erfaringar og perspektiv.
Langsiktig og nyskapande forsking
Forskarane og forskingsmiljøa vÃ¥re bidreg til utvikling av den rettsvitskaplege forskingsfronten.ÌýÌý
Berekraftig utvikling av samfunnet og ny teknologi krev nye rettslege løysingar. Vi skal styrke forskinga på grunnleggjande utfordringar i rettssystemet og tidsaktuelle problemstillingar. Forskinga skal vere orientert mot den internasjonale forskingsfronten, skje over tradisjonelle disiplingrenser i rettsvitskapen og i dialog med andre vitskapsdisiplinar.
Vi forskar på dei sentrale rettsområda som inngår i det femårige masterprogrammet i rettsvitskap, for slik å sikre forskingsbasert utdanning innan så vel privatrettslege som offentlegrettslege emne. Vi skal samstundes styrke forskinga på fagområde som peikar seg ut som særleg viktige både for rettsvitskapen og i eit samfunnsperspektiv.
Med tre faglege tyngdepunkt skal vi utvikle kvaliteten pÃ¥ forskingsaktiviteten generelt, og gje grunnlag for Ã¥Ìýløyse viktige samfunnsutfordringar. Dei faglege tyngdepunkta er omrÃ¥de som det skal leggast særleg vekt pÃ¥ Ã¥ utvikle, og dei skal vere instrument iÌýoppbygginga av og rekrutteringa til det samla forskingsmiljøet.Ìý
Det faglege tyngdepunktet Klima- og energirett vil ta utgangspunkt i det sterke tverrfaglege miljøet som er utvikla i samarbeid med UiB si satsing pÃ¥ klima og energiomstilling. Dette er eit felt som pÃ¥ ein særskilt mÃ¥te svarer pÃ¥ sentrale samfunnsutfordringar som klimautfordringa og trongen for kunnskap og regelutvikling for Ã¥ sikre ei berekraftig utvikling. Det er eit mÃ¥l at fagmiljøet skal utvikle seg til eit senter i løpet av strategiperioden.Ìý
Det faglege tyngdepunktet Rettsstat og internasjonalt rettssamarbeid skal løfte dei prinsipielle perspektiva i styrking av rettsstaten aleine og i samarbeid med andre statar. Utviklinga i Europa der rettsstatar blir nedbygt og avtalar sagt opp, har skapt etterspurnad etter rettsstatleg grunnforsking og gode modellar for rettssamarbeid. Det veletablerte fagmiljøet pÃ¥ feltet skal ta sikte pÃ¥ Ã¥ bli eit nordisk kunnskapssentrum for forsking og forskarutdanning i løpet av strategiperioden.ÌýÌý
Det faglege tyngdepunktet Rammevilkår for næringsverksemd og nyskaping skal vidareutvikle samarbeidet med økonomiske og teknologiske forskingsmiljø. For å utvikle eit teknologi- og kunnskapsbasert samfunn som kan bere kostnadane med rettsstaten og velferdssamfunnet og gjennomføre det grøne skiftet, er det nødvendig å skape gode rettslege rammevilkår for nyskaping og initiativ. Kunnskap om komplekse nasjonale og internasjonale regelverk er avgjerande for å kunne realisere dette. Det fleirfaglege samarbeidet på feltet dannar grunnlaget for å finne gode og framtidsretta løysingar for regulering av ny og sjølvlærande teknologi.
Ambisjonar mot 2030Ìý
- Vi skal ha ein akademisk kultur for fri fagleg samtale og kritikk, og vere del av den internasjonale forskingsfronten
- Vi skal dyrke ein nyskapande og samfunnsrelevant rettsvitskap, og ha god dialog med omverda og andre vitskapar
- Vi skal både publisere på norsk og i kanalar på høgt internasjonalt nivå
- Vi skal auke vÃ¥r kompetanse om teknologiutvikling og digitalisering pÃ¥ tvers av rettsdisiplinar og faglege tyngdepunktÌýÌýÌýÌý
- Vi skal ha ei forskarutdanning på høgt internasjonalt nivå som bygger rettsvitskapleg kjernekompetanse og inviterer til å utforske teoretisk og metodologisk mangfald
- Vi skal auke eksternfinansieringa for Ã¥ utvide forskingskapasiteten til fagmiljøaÌýÌý
- Vi skal fremje kunnskapen om, og forståinga av, forskingsetikk og fagleg integritet
- Vi skal synleggjere verdien av rettsvitskapleg forsking for samfunnet gjennom målretta kommunikasjon av og om forskinga ved fakultetet
Utdanning for framtida
Vi utdannar sjølvstendige og kritiske juristar som har inngåande kjennskap til samtidas rettssystem og kan møte nye utfordringar og ukjende problemstillingar, og slik sett utvikle retten.
Eit samfunn i omstilling med rask teknologisk utvikling treng juristar som evnar Ã¥ sjÃ¥ dei nye rettsspørsmÃ¥la som oppstÃ¥r og finne gode løysingar pÃ¥ desse. Bergensmodellen med problembasert og studentaktiv læring, tett oppfølging av studentane i gruppeundervising dei første Ã¥ra ogÌýmÃ¥lretta skrivetrening, skal være berebjelke i studieordninga. Vi bygger juridisk kompetanse gjennom ein idé om at korleis du lærer er nøkkelen til kva du lærer. Vi skal fortsette kvalitetsutviklinga av studiemodellen Ìýslik at studentane vÃ¥re er førebudde pÃ¥ morgondagens arbeidsliv og aktivt kan bidra til samfunnsutviklinga.
Gjennom forskingsbasert undervising og varierte læringsformer skal vi utdanne juristar med fagleg tryggleik, sterkt metodisk medvit og høg etisk standard.ÌýStudentane skal sjÃ¥ rettslege problemstillingar i eit heilskapleg bilete og retten i eit samfunnsperspektiv. Den overordna læringsutbytteskildringa for studieprogrammet dannar grunnlaget for alt vi gjer i utdanninga.
Studieprogrammet skal ha god indre samanheng og progresjon der internasjonal erfaring er integrert i løpet. Dragefjellet skal vere ein studentaktiv campus med eit inkluderande læringsmiljø gjennom heile studieløpet. ÌýÌýÌý
Ambisjonar mot 2030
- Vi skal vere det leiande rettsvitskaplege utdanningstilbodet i Noreg gjennom å vidareutvikle Bergensmodellen med studentanes læring i sentrum
- Vi skal utvikle metodisk medvit om, og interesse for, sentrale dilemma i retten og stimulere til livslang læringÌý
- Vi skal la studentane ta del i den akademiske fellesskapen og gje dei innsikt i vitskapleg arbeidsmåte og i forskarkvardagen
- Vi skal sikre at dei vi utdannar er oppdaterte på bruk av digitale verktøy til å løyse rettslege problemstillingar
- Vi skal vere attraktive for studentar med ulike erfaringar og perspektiv, og gjere bruk av dette mangfaldet i studiet
- Vi skal synleggjere behovet for, og verdien av, dialog med andre vitskapar for å kunne løyse rettslege og samfunnsmessige problemstillingar
- Vi skal gjere studentane i stand til å samarbeide med juristar frå andre land, og til å kunne forstå og gjere seg nytte av deira perspektiv på felles rettslege utfordringar og sjølv bidra med norske perspektiv
- Vi skal stimulere til utforsking av regionale problemstillingar i lys av internasjonal rettsutvikling, i samarbeid med aktørar i Vestlandsregionen
- Vi skal utvikle forskartalent og rekruttere sterke kandidatar til ph.d.-programmet mellom anna ved hjelp av forskarlinja
Formidling og samfunnsdialog
God formidling av rettsvitskapleg kunnskap skal bidra til utviklinga av demokratiet, og legitimiteten og tilliten til retten i samfunnet.
Våre vitskapleg tilsette er tydeleg til stades som kunnskapsressursar i samfunnet, driv formidling med høg kvalitet og når breitt ut. Gjennom dialog med politiske og rettslege institusjonar skal vi bidra til betre avgjerder om korleis rettssystemet skal utviklast.
Med nyskapande formidling skal vi Ìýsynleggjere fakultetet som ein forskings- og utdanningsinstitusjon med høg kvalitet og som ein attraktiv arbeids- og studiestad.
Ambisjonar mot 2030Ìý
- Vi skal bidra til opplysning og saklege debattar om retten i samfunnet med engasjement og klokskap, og synleggjere kva rolle rettsvitskapen kan spele for samfunnsutviklinga
- Vi skal ha eit godt ytringsklima og oppmuntre forskarar pÃ¥ alle nivÃ¥ til formidling av vitskapleg innsikt for fagfellar og allmennheitaÌý
- Vi skal vidareutvikle den gode formidlingskulturen internt og arbeide nyskapande for å nå ut nasjonalt og internasjonalt
- Vi skal særleg arbeide med å synleggjere dei tre faglege tyngdepunkta
- Vi skal formidle innsikt iÌý fagdidaktikk og ta initiativ til deling av erfaringar om kunnskapsutvikling innan og pÃ¥ tvers av det juridiske fagmiljøet
Ein organisasjon i utvikling
Vi er ein attraktiv, inkluderande og engasjerande arbeids- og studiestad med godt samvirke mellom tilsettegrupper som saman løyser fakultetet sitt samfunnsoppdrag.
Fakultet skal verne om universitetsdemokratiet og bidra aktivt for at Universitetet i Bergen skal nå ambisjonane som er sett ut i strategien for 2023- 2030. Vi skal utvikle ein organisasjon som kan møte den aukande etterspurnaden etter rettsvitskapleg forsking og utdanning.
Alle i organisasjonen skal bidra til eit inkluderande arbeids- og studiemiljø. Ved å vere til stades og ta initiativ til fagleg-kritisk kulturbygging, skal vi utvikle gode møtestader mellom studentar og tilsette.
Ambisjonar mot 2030ÌýÌý
- Vi skal arbeide for ein organisasjon med ein inkluderande kollegial kultur og eit arbeidsmiljø som speglar mangfaldet i samfunnet Ìý
- Vi skal utvikle ein organisasjon med berekraftig fagleg leiarskap og kultur for deltaking og nærvære i organisasjonenÌýÌý
- Vi skal tiltrekke oss fagleg sterke og engasjerte kandidatar som vil bidra til å bygge fagmiljøa og utvikle fakultetet
- Vi skal fortsette med, og vidareutvikle det tette og gode samarbeidet mellom tilsettegruppene, og gjennom dette samarbeidet effektivisere og forenkle arbeidsprosessar og rutinar
- Vi skal styrke tiltaka for karriereoppfølging og rettleiing, særleg for å bygge opp forskarar som er tidleg i karriera
- Vi skal støtte opp om engasjerte undervisarar som set studentane si læring i sentrum
- Vi skal arbeide for å styrke studentdemokratiet ved fakultetet
Ìý