´óÏó´«Ã½

Hjem
HMS-portalen

Hanskar

Bruk av hanskar er innan fleire arbeidsområde ved UiB både naudsynt og ynskeleg. Det er viktig å nytta riktig hanske, og ved val og bruk av hanske er det fleire faktorar som må vurderast.

Hovedinnhold

Vernehanskar mot kjemikaliar

Svært mange ulike typar hanskar er tilgjengeleg, med store forskjellar i materialval, konstruksjon, komfort og effektivitet innan dei ulike bruksområda. Det finst ingen vernehanske som dekkjer alle ulike typar påverknad eller oppgåver. I enkelte tilfeller kan det vera aktuelt å kombinera fleire hansketypar for å få eit optimalt vern. Hanskar skal berre nyttast der det er naudsynt og må veljast ut frå:

  • Kva type eksponering som er tilstades 
  • Kva arbeid som skal gjerast
  • Kva hansken skal beskytta mot
  • Kor lenge dei skal nyttast
  • Kva funksjonsnivÃ¥ ein mÃ¥ ha ved utføring av arbeidet

Det kan vera særskilt vanskeleg å velja riktig vernehanske for dei som skal skjerma seg mot kjemikaliar. For å gjera valet enklare er det utarbeidd ei oversikt over gjennombrotstider for dei mest nytta kjemikaliane ved UiB og hanskane: Barrier, Sol-Vex, PVA og Neotop, frå UiB si rammeavtale for PVU:

  •  (oppdatert 24.04.2023)
  • (oppdatert 24.04.2023)

Eingongshanskar

Eingongshanskar er godt eigna til å skjerma prøvemateriale for forureiningar og kontaminering frå omgjevnaden.

Ved UiB skal ein så langt råd er ikkje nytta hanskar av naturgummi (lateks). Dette på grunn av at denne typen hanskar kan forårsaka utvikling av lateksallergi. Hanskar av vinyl skal ikkje nyttast, då dei inneheld ftalatar, som er reproduksjonsskadeleg, og ein får frigjeve klor ved forbrenning.

Andre hanskar

For andre typar verne- og arbeidshanskar, som til dømes ved arbeid med djupkjølt gass, varme gjenstandar, i skog og mark, i parkseksjonen, og liknande, kontakt med leverandør for PVU, jf UiB si rammeavtale.

  •  (oppdatert 24.04.2023)
  • (oppdatert 24.04.2023)
  •  (scroll litt ned pÃ¥ siden og velg "Permeation and degradation database")

Gode råd

Gode råd
I tillegg til å nytta riktig hanske er det viktig med god handhygiene og riktig bruk av hanskar. God handhygiene vil gje ein viktig barriere mot eksponering og riktig bruk vil hindra unødig spreiing av eksponeringskjelder. Praktiske råd ved bruk av hanskar:

  • Hendene skal vera reine og tørre.
  • Ikkje nytt ringar.
  • Sjekk at hansken er heil.
  • Ta av hansken umiddelbart etter at arbeidsoppgÃ¥va er utført, og ikkje ta pÃ¥ alt mogeleg med hanskar pÃ¥.
  • Skift hansken i god tid før gjennombrotstida er nÃ¥dd sjølv om hansken ser heil ut. Ein mÃ¥ alltid ha i minne at ikkje noko hanskemateriale er ugjennomtrengeleg for kjemikaliar – det er berre eit spørsmÃ¥l om tid.
  • Bruk tynne innerhanskar av bomull ved brukstider over 15. minutt, dette vil auka komforten.
  • Vask alltid hendene før og etter bruk av hanskar.
  • UnngÃ¥ tørr hud, nytt hand-/hudkrem nÃ¥r naudsynt, spesielt i vinterhalvÃ¥ret. 

Lov og forskrift

Lov og forskrift

Nyttige lenker

Nyttig lenker

  • For mer informasjon om bruk av PVU pÃ¥ arbeidsplassen, sjÃ¥ .