Ann-Kristin Helland Gujord
Hovedinnhold
Vitskapleg tilsette bør og skal ha ei tydeleg stemme i det øvste styringsorganet på arbeidsplassen vår. Eg vil vere ei slik stemme for alle studentar og tilsette på UiB.
Som styrerepresentant vil eg arbeide for at UiB kan halde fram med å vere ein forutseieleg arbeidsplass. Dei økonomiske vilkåra har endra seg, og sektoren har utfordringar med å omstille seg. Då er det viktigare enn nokon gong at vi som tilsette bidrar til å skape god og trygg leiing av arbeidsplassen vår. Nødvendige omstillingsprosessar må vere gjennomsiktige og forankra nedanfrå og ikkje berre toppstyrte. Det er også viktig å arbeide for at det framleis skal vere mogleg å rekruttere nye forskarar til varige jobbar under trygge vilkår.
Eg er opptatt av korleis universitetet kan bidra til god samfunnsutvikling. Forsking av høg kvalitet har sine eigne kanalar for formidling. Men når det ligg til rette for det er det viktig å bidra til at forskinga vår når utover grensene for sektoren sjølv. Det er stort behov for forskingsbasert kunnskap og utdanning i næringsliv og offentleg sektor. I tida framover er det viktig at UiB utnyttar potensialet som ligg i å samarbeide med aktørar utanfor universitetet. Gode tilbod for etter- og vidareutdanning vil truleg bli endå viktigare for økonomien ved fleire av fakulteta. På dette feltet har eg sjølv lang erfaring, og som styremedlem vil eg bidra til korleis  den sterke kompetansen ved UiB også kan nå fram til relevante aktørar på utsida av sektoren.
Eg ønsker meg eit UiB som speglar mangfaldet som finst i samfunnet, både i studentgruppa og i administrativ og vitskapleg stab. Universitetet vil bidra til å skape eit rettferdig og inkluderande samfunn ved å arbeide for at studentar frå ulike bakgrunnar finn seg til rettes og har like sjansar til å kome seg gjennom studieløpet. Ei mangfaldig tilsettgruppe med ulik bakgrunn og erfaringar, vil fremje nytenking og attraktive arbeidsmiljø.
Utdanningsvegen min har gått frå allmennlærarutdanning ved noverande HVL med hovudfag og seinare doktorgrad i norsk som andrespråk ved UiB. I dag er eg professor i norsk som andrespråk og del av eit lite, men tradisjonsrikt, fagmiljø ved UiB. Eit gjennomgåande tema i forskinga mi er å utvikle kunnskap om vilkåra for medborgarskap og deltaking for migrantar. Eg leier eit NFR-finansiert forskingprosjekt og er blant forskarane som jobba fram Senter for norsk fagspråk som nyleg fekk tilslag i NFR. Eg har lang erfaring med å utvikle utdanningstilbod i skjeringsfeltet mellom studiefaget og praksisfeltet. Med basis i kompetansen min som forskar har eg også deltatt i samfunnsdebatten om spørsmål som handlar om språk i eit migrasjonsperspektiv.
Eg har erfaring frå styreverv i sektoren, sist frå fakultetsstyret ved HF-fakultetet i 2017-2021. Eg lærte viktigheita av å vere godt førebudd for å kunne ha eit kritisk blikk og påverke viktige prosessar. Eg vil vere lyttande til andre sine perspektiv på sakene som er oppe i styret, og eg vil invitere kollegaer til å ta kontakt for å uttrykkje sitt syn og komme med innspel til løpande saker i universitetsstyret.