´óÏó´«Ã½

Hjem
For ansatte
Valg til universitetsstyret - kandidat gruppe A

Steinar Vagstad

Hovedinnhold

Eg er 61 år og utdanna ved UiB med faga matematikk/statistikk, informatikk, fysikk og samfunnsøkonomi. Sidan 1997 har eg vore fast tilsett ved UiB, som professor i samfunnsøkonomi sidan 2001. Siden 2012 har eg vore tillitsvalgt i Forskerforbundet, noko som har gitt meg god innsikt i utfordringane våre tilsette møter på universitetet. Dette gir meg verdifull innsikt som eg har brukt i mitt arbeid i universitetsstyret, der eg har representert gruppe A dei siste fire åra.

Eit sterkt breiddeuniversitet må verne om og styrke kjerneaktivitetane undervisning og fri forskning. Breidde er viktig, og eit mangfald av perspektiv er viktig – eit universitet fungerer best når folk tenkjer ulikt.

For meg er budsjettpolitikk og styringspolitikk særleg viktige saker, då desse legg sterke føringar for kva slags universitet vi kan vere. Eg meiner at universitetet ikkje eignar seg for tung toppstyring, og eg vil jobbe for eit universitet som er «styrt nedanfrå». Institusjonell autonomi er først viktig når autonomien også når ned i organisasjonen. Derfor er eg også sterk tilhengjar av universitetsdemokratiet, valde faglege leiarar, og demokratiske styringsorgan også nedover i systemet. Eg er også ein sterk tilhengar av at velgjarane har fleire kandidatar å velge mellom, men er litt tvilande til at det er sittande ledelse som bør ha ansvaret for å skaffe kandidatar, og er derfor også skeptisk til ledelsesutpeikte leitekomitear.

Som tillitsvalgt jobbar eg vanlegvis for at UiB-ansatte skal få del i den alminnelege lønnsutviklinga i samfunnet. I mange år har UiB-tilsette sakka akterut. Lønnspolitikk er ikkje ei sak for styret i seg sjølv, men styret legg dei økonomiske rammene for lønnsutviklinga på UiB. I trange tider er det viktig å ha dette perspektivet med inn i styret.

Ìý