
Senter for farmasi har utdanna farmasøytar sidan 2003. Ei yrkesgruppe med unik kompetanse innanfor legemiddelfeltet, som blir etterspurt på stadig fleire område i samfunnet.
I tillegg til å ha det faglege ansvaret for undervisning driv senteret med forskning innanfor både utvikling av legemiddel og korleis legemiddel kan brukast forsvarleg slik at nytta for samfunnet blir best mogleg.
Senteret høyrer til under Klinisk institutt 2 ved Det medisinske fakultet, men har tett samarbeid med fleire fagmiljø på Det matematisk-naturvitenskapelege fakultet.
Ìý
- Ìý(video)
Ìý - Masterprogram i farmasi
Ìý - Kontakt oss
Ìý
Vil du bli farmasøyt?
Som farmasøyt vil du vere ekspert på utvikling, produksjon, bruk og samfunnsnytte av legemiddel. Farmasøytar er ein brei ressurs i samfunnet, og arbeider både i apotek, legemiddelindustri, på sjukehus og universitet/høgskular, for myndigheiter og private firma.
Søk opptak på Integrert masterprogram i farmasi. Søknadsfrist er 15. april.
Les også Reidun Kjome sitt blogginnlegg;
Ìý
Har du studert farmasi ved UiB?
Senter for farmasi ønskjer å halde på, samt vidareutvikle kontakten med tidlegare studentar. Vi vil prøve å skape møtestader der alumnene kan byggje nettverk og utveksle erfaringar, både seg imellom og saman med oss. Vi har allereie hatt alumnitreff, eit vellukka arrangement vi ønskjer å gjenta.
Senter for farmasi har eigne alumnisider. Meld deg inn i og bli medlem på gruppesidene våre! Nettsidene inneheld kontaktinformasjon til medalumner og tilsette ved UiB, samt farmasifaglege nyhende, ledige stillingar og diskusjonforum.