Exit frå Brexit med prestisje-stipend i lomma
– Det er vanskeleg å drive banebrytande forsking når du er under åtak, seier Adriana Bunea.

Main content
Denne vÃ¥ren startar Adriana Bunea sitt nye, akademiske liv ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho har sagt opp jobben ved The University of Southampton.Ìý
I Storbritannia, landet ho reiste frÃ¥, er det framleis uavklart korleis forholdet til EU vil verte i framtida.Ìý
– Vi opplevde framtida i Storbritannia som svært uviss. Vi frykta kva som kunne skje med universitetsfinansieringa. Med dei mest grunnleggande arbeidsvilkÃ¥ra vÃ¥r. Og vi frykta kva som ville skje med opphaldsløyva vÃ¥re. Samtidig sÃ¥g vi at situasjonen forverra seg, seier Bunea.Ìý
Uroleg for Brexit
Bunea skildrar korleis haldninga til utlendingar blei endra i takt med at Brexit-rørsla vaks fram. Som aust-europear kjende ho på at ho ikkje alltid var velkommen. Og ho frykta kva som ville bli neste steg.
Som akademikar vart det vanskeleg Ã¥ halde fram.Ìý
– Du kan ikkje vere kreativ og produktiv når du er i ein «fight-or-flight»-tilstand. Eller når du er uroleg over arbeidsvilkåra dine, eller på kva vilkår du kan vere i landet.
– Brexit er historia om korleis den britiske staten har svikta delar av systemet. Eg kan forstÃ¥ at menneske, som manglar sosial mobilitet, opplever kutt i velferda og hindringar pÃ¥ arbeidsmarknaden, kan finne pÃ¥ Ã¥ klandre EU for dette.Ìý
I skyene
Ho kom til UiB med eit ERC Starting Grant. Saman med ektemannen, Raimondas Ibeskas, har ho slÃ¥tt seg ned i Bergen. Ibeskas har fÃ¥tt jobb som førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk.Ìý
– Eg elskar den avslappa atmosfæra i Bergen, seier ho.Ìý
Bunea kjem opphaveleg frå Romania. Ho ser likskapane med heimbyen Brasov i Transilvania.
Ìý
– PÃ¥ mange mÃ¥tar var dette som Ã¥ kome heim. Sjølv om vi mangla fjordane og nærleiken til vatnet, hadde eg den same kjensla av Ã¥ bu inne i ei sky, seier ho.Ìý
Det var ikkje berre omstillinga til Bergensvêret som var enkelt. OgsÃ¥ det akademiske klimaet ved UiB var det lett Ã¥ tilpasse seg.Ìý
– Velviljen frÃ¥ kollegaer som oppmuntrar kvarandre; kjensla av at her er vi jambyrdige. Nordmenn er faktisk meir imøtekomande og venlegare enn eg hadde førestilt meg.Ìý
ERC-midlane opnar dører
Ho fekk ERC-tildelinga for eit prosjekt kalla "CONSULTATIONEFFECTS - Effects of stakeholder consultation on inputs, processes and outcomes of executive policymaking." MÃ¥let er Ã¥ forske pÃ¥ interessentkonsultasjonar som ein faktor for pÃ¥verknad pÃ¥ politikkutforminga i medlemslanda i EU.Ìý
– Du har EU som forskingsfelt. Vil Norge vere eit godt utgangspunkt for dette arbeidet?Ìý
– Det har ikkje sÃ¥ mykje Ã¥ seie kvar du er stasjonert. Det er lett Ã¥ reise frÃ¥ Norge. Samtidig er Norge i mange samanhengar eit godt referansepunkt. Landet har rykte pÃ¥ seg for Ã¥ ha eit godt og seriøst akademisk system. Ã… ha stempelet frÃ¥ ERC vil ogsÃ¥ bidra til Ã¥ gje oss tilgangane eg treng.Ìý