Gyldig fråvær på eksamen ved fakultet for naturvitskap og teknologi
Kva gjer du om du vert sjuk eller har anna gyldig fråvær på eksamen? Her finn du i tillegg informasjon om korleis du får registrert fråværet og kan melde deg til vurdering på nytt.
Main content
Kva gjer du om du blir sjuk ved eksamen?
Tregongersregelen inneber at ein berre får tre forsøk på eit emne. Generelt er det derfor viktig å trekkje seg frå emnet om ein ikkje skal ta eksamen.
Dersom du vert sjuk eller har anna gyldig fråvær på eksamensdagen, skal ikkje det telje som eit eksamensforsøk.
Slik melder du frå
Vi har digitale skjema for registrering av fråvær, desse støttar skjerming av vedlegg som legeerklæring.
Les meir pÃ¥ Studieavdelinga si sideÌýSyk pÃ¥ eksamenÌý- der finn du mellom anna skjemaÌýforÌýgyldig frÃ¥vær pÃ¥ eksamen.
FristÌýfor Ã¥ sende inn skjema er toÌýveker etter eksamensdatoen.
Skal du ta eksamen på nytt?
Vi skil mellom ordinær tidleg eksamen og ny eksamen («sjukeeksamen»).
Dei aller flesteÌýemna ved fakultetetÌýhar ordinær eksamen kvart semester. Unntaket er emne som har uregelmessig undervising.Ìý
Emne med undervisning bÃ¥de haust og vÃ¥r:Ìý
Har ordinær eksamen på slutten av begge semester.
Alle med godkjende og gyldige obligatoriske aktivitetar kan melde seg til ny vurdering i slutten av semesteret på studentweb innanfor rammene til tregongersregelen.
Tidleg eksamen i starten av semesteret her er berre for dei med gyldig fråvær som søkjer om å ta denne ("sjukeeksamen").
Dette gjeld blandt anna emna: INF100Ìý
Denne ordninga gjeld inntil vidare med regelverket innført 1. januar 2024.
Emne med fast undervisning enten haust eller vår:
Har berre ordinær eksamen.
I semester med undervisning er det ordinær eksamen i slutten av semesteret, i semester utan undervisning er det ordinær eksamen i starten av semesteret.
Ein melder seg då til ny vurdering på studentweb (tidleg eksamen) – under føresetnad at obligatoriske aktivitetar er godkjende og gyldige og at ikkje alle tre forsøka på eksamen er brukt.
Emne med uregelmessig undervisning:
Kontakt instituttet som underviser i emnet for spørsmål om du må søkje om å ta eksamen på nytt.
Ìý
Fråvær utanom eksamen
Ìý
Obligatorisk oppmøte, aktivitet eller oppgåveinnlevering
Om dette er grunna gyldig fråvær, ta kontakt med instituttet som er ansvarleg for emnet. Dette finn du under "Administrativt ansvarleg" på emnet si webside.
Nokre emne kunngjer i tillegg denne organiseringa på Mitt UiB.
Det vil dÃ¥ bliÌýformidla eventuelt krav om dokumentasjon og eksempelvis utsett frist for oppgaveinnlevering.
Ìý
Sjukdom i samband med masteroppgåva
Eigne reglar gjeld for sjukdom i samband med masteroppgåva. Ta kontakt med instituttet du tilhøyrer og sjå regelsamlinga.
Ìý